Pumpeprodusenten Framo på Flatøy i Hordaland har varsla 100 tilsette om at dei vert permittert frå nyttår. – Det var ingen kjekk beskjed å gi, men den kom nok ikkje som noko overrasking, seier administrerande direktør Oddbjørn Jacobsen til Strilen.