Alt ligg no til rette for etablering av eit Newton-rom i Florø. – Vi ønskjer å trigge barn og unge på teknologi og realfag, seier Tone Aasrud, oppvekstfagleg rådgivar i Flora kommune.

Eit Newton-rom engasjerer elevane fordi det er eit teknologisk velutrusta undervisningslokale med fokus på naturfag, matematikk og teknologi. Barn i barnehagen og elevar på alle årssteg, inkludert vidaregåande skule, vil få delta i ei rekke vel tilrettelagde undervisningstilbod. I Florø blir det særleg fokus på havbruk og energi.

Det er om lag 30 Newton-rom i Norge. Det hittil einaste i Sogn og Fjordane er ved Firda vidaregåande skule. Newtonrommet i Florø blir etablert hos FloraFauna Byakvariet.

Den ideelle organisasjonen First Scandinavia eig konseptet Newton-rom. Dei har vore med under planlegginga og har utforma ei løysing som inneheld laboratorium, arbeidsstasjonar og eit amfi. I løpet av våren blir 4 nye Newton-rom rundt i landet.

Byakvariet er allereie ein attraksjon i Florø. Newton-rommet er med hensikt samlokalisert med akvariet for å skape ei endå sterkare eining.

Undervisningstilbodet i Florø vil også bli tilgjengeleg for elevar frå nabokommunane.

Etablering av Newton-rommet har eit samla budsjett på nesten 4 millionar kroner. Statoils talentprogram Morgendagens helter, der satsing på utdanning og realfag står sentralt, er den største sponsoren med ei løyving på 1,2 millionar.

Mange lokale bedrifter og sponsorar er og viktige bidragsytarar.