Eide Fjordbruk er ueinig i avslaget, og kjem til å klaga, melder selskapet.

– Prosjektet vil gjera næringa betre i stand til å førebyggja miljøutfordringane knytt til drift av oppdrettsanlegg i sjø gjennom automatisering og autonome handlingar og operasjonar. Me meiner det vil vera svært viktig for næringa å hindra lusepåslag, miljøutslepp, rømming og at fisk blir sjuk. Dette er avgjerande faktorar for at næringa skal veksa, og prosjektet svarar på desse utfordringane, heiter det i meldinga.

Produksjonsutstyret som skal nytta seg av data er ein minst like viktig del av prosjektet som sensorane, og prosjektet er difor tett knytt til produksjon av fisk.

– Det overraskar oss i tillegg at det førebyggjande aspektet ikkje tel positivt i vurderinga, heiter det vidare.