Førre helg vart understellet lasta om bord det største tungtransportfartyet i verda, «Dockwise Vanguard». Understellet vert no sjøsikra ved Hyundai Heavy Industries før transporten til Norge startar. Avreise frå Sør-Korea vert sannsynlegvis i siste halvdel av april, opplyser Statoil.

Nyttar to månader på ferden

– Anslagsvis to månader etter avreise kjem understellet til Høylandsbygd i Kvinnherad. I Høylandsbygd vert sjøsikringa fjerna og understellet vert flytta av transportfartyet, fortel pressetalsmann Eskil Eriksen til Stord24.

Deretter vil understellet bli taua til Klosterfjorden der det skal setjast på høgkant før det vert taua til Digernessundet. Her skal Kværner Stord gjennomføre den det planlagde arbeidet med ferdigstilling.

Plattformdekket kjem seinare

Plattformdekket vil kome til Stord nokre månedar seinare. Til hausten skal plattformdekket bli samanstilt med understellet i Digernessundet, seier Eriksen.

Ifølgje Teknisk Ukeblad er plattformdekket noko forsinka frå Sør-Korea. Men Statoil opplyser at dette ikkje vil føre til noko utsetjing av produksjonsstarten.

– Planlagt oppstart er som kommunisert tidlegere, siste kvartal i 2018, seier Eriksen til bladet.

Videoen over syner dei enorme dimensjonane på understellet. På høgkant er understellet 200 meter høgt, og veger 46.000 tonn.