Norvald Muren (t.v) og Bård Ottesen. Foto: Kjetil Haanes

– Kunsten er å heile tida utvikle seg slik at vi til eikvar tid er best

Dei er av dei fremste i verda på kjerneanalyse av oljereservoar, men har ingen planar om å selje selskapet eller flytte frå Mjølstadneset i Herøy.

 – Nei, sjølv om dei fleste kundane er internasjonale, vil vi utvikle oss vidare herifrå. Målet er å skape eit sunt selskap, som heile tida er fremst på teknologi, seier hovudeigar og utviklingssjef Bård Ottesen i Herøy-selskapet RS-Systems til nett.no.

 – Det er godt å ha noko å pjaske med. Eg har jobba heile livet som maskinist og chief, og no var tida inne for å gjere noko anna, seier dagleg leiar Norvald Muren.
Handplukka folk
Selskapet vart starta i 2010. Idéen var det Bård Ottesen som kom med. Han har over 30 års erfaring frå olje- og serviceselskap, samt forskningsinstitusjonar innan kjerneanalyse og utvikling av reservoarteknologi.

Han fekk med seg Norvald Muren på laget, i tillegg til at det vart sett saman ein handplukka organisasjon i Trondheim av erfarne utviklarar og designerar.

– Vi har med oss dei beste i landet, seier Ottesen.

Rask vekst
Totalt er det seks tilsette i selskapet, eit selskap som har vakse raskt. I 2015 var omsetninga 15 millionar kroner og resultatet før skatt solide 8 millionar.

I fjor bikka ein 20 millionar, medan resultatet før skatt stoppa på rundt fire millionar.

Hittil i år har ein hanka inn ordrar for rundt 25 millionar kroner, og no jaktar ein både fleire tilsette og større lokale i Herøy, der det spesiallaga utstyret vert sett saman.

–  Først treng vi nokre mekanikarar. Etter kvart må vi nok ha tilsette innanfor støttefunksjonar, seier Muren.

RS-Systems-1_medium

RIGG: Ein Enhanced Oil Recovery-rigg levert til ADNOC i 2016. Foto: RS-Systems

Abu Dhabi
Ottesen arbeider delvis også for selskapet Petricore i Abu Dhabi, eit selskap som har vore av kundane til RS-Systems.

– Internasjonalt er det ikkje så veldig mange som arbeider med reservoaranalyser. Dei fleste kjenner kvarandre, seier Ottesen.

Hjelper oljeselskapa
RS-Systems har spesialisert seg på utvikling av utstyr og sal av software for å gjere analysar av kjerneprøver. Resultata frå denne typen kjerneanalysre er viktige for å estimere produksjonen av olje og gass frå eit felt.

Produksjonsprognosen er sjølve fundamentet i den økonomiske vurderinga av ei potensiell feltutbygging.

Vidare er analysane viktige for å kunne lese felta best muleg og dermed betre fastslå kvar det er best å bore injeksjons- og produksjonshol i både nye og etablerte felt. I tillegg er analysane viktige for betre å utnytte eksisterande felt med auka olje- og gass utvinning.

– Vi hjelper oljeselskapa å ta gode beslutningar. Med våre modellar har ein mellom anna gode data for å vite om ein skal pumpe inn vatn, gass eller kjemikaliar i sedimenta for å få ut meir olje, seier Ottesen.

Nye produkt
RS-Systems har utvikla eigne kjernehaldarar i komposittmateriale, og brukar både røntgen- og gammastråling til å monitorere fortrengningsprosessar.

Eitt av dei nyaste produkta er ein liten kjernehaldar til bruk i ein microCT.  Dette utstyret skanner ein kjerneplugg på berre to millimeter.

– Her snakkar vi analyse av fortrengningsprosessar på porenivå. Det er viktig for å forstå kva som styrer mobiliteten til olje og gass under ein fortrengningsprosess, seier Ottesen.

Mykje norsk
Selskapet opererer i ‘high end’-segmentet, og spesialsyr løysingar til både oljeselskap og forskingsinstitutt. Kundelista tel eit tjuetals selskap, der også norske Statoil er med.

 – I starten kom mange av komponentane frå utlandet. I det siste har det vorte meir norsk innhald, og vi vel norsk når vi kan, seier Norvald Muren.

Han og Ottesen seier at det ser bra ut framover.

– Ja, vi er optimistar, men kunsten er å heile tida utvikle seg slik at vi til eikvar tid er best innanfor vårt segment.

– Akkurat no ser det bra ut.