Her kommer Aasta Hansteen på verdas største tunglasteskip

Det er nesten tre fotballbaner langt, og meir enn ti meter breiare enn speleflata på Brann Stadion. Laurdag kom verdas største tungtransportskip, «Dockwise Vanguard», til Høylandsbygd i Kvinnherad.

Sjølv i mektig vestlandsnatur ruvar det gigantiske skipet, som slett ikkje ser ut som noko skip. Det liknar meir på ein enorm tørrdokk med høge boligblokker på. Det kan forresten også gjera teneste som nettopp det, ein tørrdokk, skriver BT.

Plattform-understell om bord

I løpet av dei seinaste to månadane har «Dockwise Vanguard» kryssa fleire hav på si ferd frå Sør-Korea til Noreg. Med seg om bord har det understellet til Aasta Hansteen-plattforma som no skal lossast og fraktast vidare til Digernessundet, der det vil bli ferdigstilt av Kværner Stord. Om nokre månader kjem plattformdekket etter for å bli samanstilt med understellet.

Fakta
  • Aasta Hansteen-feltet skal driftast av Statoil frå Harstad, men gassen skal førast i rør 482 kilometer til Nyhamna i Møre og Romsdal. Feltet skal etter planen setjast i drift i siste kvartal i 2018.
  • Dei utvinnbare ressursane er berekna til 47 milliardar standard kubikkmeter med gass.
  • Om eit drygt år skal understell og plattformdekk og alt som høyrer til, vera installert og klar til å henta gass opp frå om lag 1300 meters djupn langt ute i Norskehavet. Botninstallasjonane er alt på plass.
  • Aasta Hansteen-feltet ligg i eit vêrutsett område 300 km til havs nordvest for Sandnessjøen i Nordland, og det krev difor installasjonar som ligg stabilt sjølv i det aller hardaste vêret ein kan tenkja seg.
  • Aasta Hansteen-plattforma er ein såkalla Spar-plattform (vertikalt sylindrisk skrog forankra til havbotnen). Han blir den første i sitt slag på norsk sokkel og altså den største i verda.

 

Understellet er 200 meter høgt og veg 46.000 tonn. For «Dockwise Vanguard» er det å rekna som lett. Skipet er 275 meter langt, 79 meter breitt og har ein lastekapasitet på 117.000 tonn. Det kunne såleis ha frakta to understell og endå hatt plass til meir.

No er ikkje plattformunderstellet lite, det heller. Det er verdas største plattform i sitt slag vi snakkar om. Diameteren på understellet er 50 meter. Så stort og kraftig må det vera for å tola vêrtilhøva i Norskehavet.

Vurderer å byggja større

«Dockwise Vanguard» er bygd av Hyundai Heavy Industries i Pusan i Sør Korea. Det var ferdig i 2012 og vart levert til eigaren, hollandske Dockwise Shipping BV, i byrjinga av 2013. Sjølv om det er verdas største skip av sin type, vurderer eigarane å tinga eit nytt og endå større skip. Det er venta at det i åra som kjem, vil bli bygd stadig fleire og større lagrings- og produksjonseiningar for olje og gass, og at det dermed vil vera etterspurnad etter fartøy som kan frakta desse frå verft til felt.

«Dockwise Vanguard» er eit halvt nedsenkbart skip. Med fulle ballasttankar ligg dekket på skipet 16 meter under havoverflata, og slik kan det ta om bord og frakta store flytande einingar. Skipet veg sjølv 91.000 tonn og kosta 240 millionar dollar (meir enn to milliardar kroner) å byggja. Det har eit mannskap på 40.

Se gigantens reise ved å klikke deg gjennom bildefortellingen under!

I slutten av februar i fjor var det også på tur til Noreg og Vestlandet. Den gongen var det Ølen som hadde besøk av kjempa.

Skipet som i desse dagar ligg i ein fjord i Kvinnherad, er ikkje konstruert for fart. Utan last har det ein toppfart på 14 knop. Med last blir farten redusert til mellom 11 og 13 knop.

Menneske blir små om bord på Dockwise Vanguard. Den gule sylinderen skal no flytast av frakteskipet, setjast på høgkant og bli til understellet på Aasta Hansteen-plattforma.

Terje Søviknes let seg begeistra

Olje- og energiminister Terje Søviknes fekk tatt både den kolossale båten og den kolossale lasta nærare i augnesyn søndag.

– Heilt fantastisk! Dette var eit mektig syn, seier Søviknes på telefon til BT. Han snakkar då først og fremst om plattformunderstellet som skal bli ein komplett plattform. Mot slutten av 2018 skal han vera produksjonsklar 300 kilometer ute i Norskehavet.

– På sjø får du ikkje heilt inntrykk av dimensjonane, men det var spesielt å sjå kor mikroskopisk små folka om bord blir samanlikna med desse konstruksjonane, seier Søviknes.

Sjå flere bilete av gigantane i Sunnhordlandbassenget hos Stord24