Det skriv Petroleumstilsynet i ei pressemelding.

Statoil er operatør for Gullfaksfeltet, som ligg i blokk 34/10 i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen.

Gullfaks er bygt ut med tre integrerte prosess-, bore- og bustadinnretninger med betongunderstell og ståldekk (Gullfaks A, B og C).

Gullfaks B blei installert på feltet i juli 1987 og starta produksjonen i februar 1988.

Eksisterande samtykke til bruk av Gullfaks B går ut i juli 2017.

For å kunne utvinna dei resterande reservane i Gullfaks har Statoil søkt om samtykke til å forlenga levetida for Gullfaks B og tilhøyrande røyrleidninger fram til 30. juni 2036.

Søknaden omfattar desse innretningane:

  • Gullfaks B
  • 12’’ olje-/gassrøyrleidning frå Gullfaks B til Gullfaks C
  • 8’’ gassrøyrleidning frå Gullfaks B til Gullfaks A
  • 16’’ fleksibel oljerøyrleidning frå Gullfaks B til Gullfaks A
  • 20’’-vanninjeksjonsrøyrleidning frå Gullfaks A til Gullfaks B (ikkje i drift, preservert)

Petroleumstilsynet har no gitt Statoil samtykke til å forlenge levetida til Gullfaks B-innretninga og tilhøyrande røyrledidningar fram til 30. juni 2036.

Samtykket er gitt blant anna på bakgrunn av Statoil sin dokumentasjon av vurderingar som konkluderer med at innretninga kan drivast vidare sikkerhetsmessig forsvarleg i samsvar med krav i regelverket.