Klaus Mohn

er professor i petroleumsøkonomi ved Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger, og professor II ved Norges Handelshøyskole (NHH). Har tidligere jobbet som sjeføkonom i Statoil, som forsker i SSB og som analytiker i DNB Markets.

Gjennom dei siste ti åra har olje- og gassverksemda vore ein spesielt viktig vekstmotor for Vestlandet. Kraftig auke i aktivitet og sysselsetting har gitt høg vekst i løner og bustadprisar – og rekordlåg arbeidsløyse. Ei viktig årsak er at olje- og gassverksemda har vokse vesentleg raskare enn resten av Vestlandsøkonomien.

No tyder mykje på at både oljeverksemda og Vestlandet er ved eit vendepunkt. Om nye signal held stikk, går me no mot tider med svakare vekst i sysselsetting og lønningar, stagnasjon i bustadprisane og høgare arbeidsløyse. Dette vil merkast ikkje berre av oljeselskapa og leverandørane deira, men i breie lag av næringsliv og hushald, og jamvel for skatteinngangen til kommunane.

Vent med krigstypane

Likevel er det fortsatt ikkje grunnlag for å mane fram den største krisa. Fallet i olje- og gassaktiviteten kan gjerne bli moderat og forbigåande. Innanfor enkelte segment av leverandørnæringa vil ein fortsatt sjå vekst og vidareutvikling, mens andre deler av verksemda må være budd på omstilling.

I tillegg må ein sjå utviklinga i eit lengre perspektiv. Slik kan tilbakegangen sjåast som ein korreksjon av ein vekst som har vore unaturleg høg. I denne samanheng er det grunn til å minne om at oljeselskapa sine investeringar i 2015 er meir enn dobbelt så høge som for ti år sidan.

To nyheiter frå SSB

Nyheiter og nøkkeltal denne veka har gitt viktig informasjon om utsiktene for næringslivet på Vestlandet. Først kom september-utgåva av investeringsteljinga for olje- og gassverksemda, som bygger på innmeldte planar frå oljeselskapa om ulike typar investeringar i inneverande og neste år. Desse tala gikk deretter inn i grunnlaget for SSB sine vurderingar av utsiktene for norsk økonomi, som kom i ny utgåve i dag. Begge desse informasjonskjeldene tyder på dei økonomiske oppgangstidene for Vestlandet no kan være på hell.

Stadfestar nedgang

Med kvartalsvise oppdateringar tek SSB si investeringsteljing pulsen på olje- og gassverksemda, og tener som eit barometer på oljerelatert aktivitetsutvikling og ringverknadar til næringslivet på fastlandet. Den seinaste investeringsteljinga peiker mot eit fall i oljeselskapa sine investeringane sine på 30-40 mrd. kroner i 2015 (i løpande kroner). Om prisauka ender opp rundt fem prosent vil dette bety ein nedgang i aktiviteten på nærmare 20 prosent.

Dermed er det korkje oppgang eller stagnasjon som no ligg i korta, om me skal ta investeringsteljinga på alvor: No peiker pilene nedover.

Investeringsteljinga er basert på innmeldte planar for utvikling og drift (PUD). Prosjekt som ligg i kjømda, men som likevel ikkje er innmeldt, vil dermed falle utanfor undersøkinga. Dette gir opphav til ei systematisk underrapportering. Dermed kan ein ikkje utelukke at innmeldinga av nye investeringsprosjekt vil gi revisjonar av investeringsutsiktene i tida som kjem. Spesielt gjeld dette den store utbygginga av Johan Sverdrup som venteleg blir innmeldt i byrjinga av 2015, og som truleg vil gi eit visst løft i utsiktene for den oljerelaterte aktiviteten neste år.

Moderat og forbigåande

Dette er ei av årsakene til at SSB gjer eigne vurderinger av innmeldte investeringar frå oljeselskapa før dei konkluderer om kva som er den mest sannsynlege utviklinga i tida som kjem. I Konjunkturtendensane som ble publisert i dag heiter det at «Investeringene i petroleumsnæringen har lenge gitt store vekstbidrag til norsk økonomi, men veksten har stoppet opp, og til neste år venter vi et klart fall.»

Likevel teiknar ein eit bilete av eit avgrensa tilbakeslag i oljeinvesteringane i 2015 ( minus 7,5 prosent), som blir avløyst av ein tilsvarande oppgang inn i 2016. Vurderinga frå SSB er dermed at nedgangen er moderat og forbigåande.

Mellom næringslivsleiarar, marknadsaktørar og makroøkonomar finn ein gode resonnement som er meir pessimistiske, og SSB peiker seg no ut som relativt optimistisk på vegne av Vestlandet.

Lønsemd under press

Eit hovudproblem for olje- og gassverksemda dei siste åra er knytt til kostnadsutviklinga. Så lenge oljeprisen steig og steig, kunne lønsemda haldast ved lag sjølv om kostnadane auka.

Men no har oljeprisen flata ut. Aukande oljeproduksjon og svekka etterspurnad har tæra på optimismen til oljeprisutviklinga, og stadig fleire peiker no på risiko for eit (forbigåande) oljeprisfall.

Oljeselskapa si tilpassing til slike skift i marknaden er ein treig prosess, og kostnadsutviklinga er difor vond å vende. Innteninga i oljeselskapa kjem dermed under press, vurderingar av framtidige feltprosjekt blir mindre positive, og næringa blir meir kritisk til å bruke pengar, både til investeringar og drift.

Krav frå kapitalmarknaden

Kapitalmarknaden har ikkje vore fullt ut nøgd med den høge investeringsaktiviteten i olje- og gassnæringa. Utviklinga i produksjon, kostnadar og lønsemda i oljeselskapa har uroa både analytikarar og investorar. Samstundes kan det sjå ut som om kapitalmarknaden er meir usikker på oljeprisutsiktene enn oljeselskapa.

Resultatet er at marknaden presser oljeselskapa til å levere kontantstraum som kan sikre utbytte. Dette har medført ei skjerping av kostnadsdisiplinen og ei nedjustering av investeringsplanane blant mange av dei internasjonal oljeselskapa. Denne vridinga i merksemd frå vekst til verdiskaping kjem no til uttrykk i investeringsteljinga, i utsikter for aktivitetsutviklinga på norsk sokkel og dermed og for ringverknadane på Vestlandet.

Betre balanse

Ei næringsmessig slagside mot olje- og gassverksemd på Vestlandet aukar sårbarheita for oljerelaterte sjokk, som til dømes eit fall i oljeprisen. Dette taler for at Vestlandet på lengre sikt vil være godt tent med at veksten i petroleumsverksemda kjem i betre takt med veksten andre delar av økonomien.

Ei vidareføring av den ekstraordinære veksten i olje- og gassaktiviteten frå dei siste ti åra vil dermed neppe være sunn, og med dei siste nyheitene er ei slik utvikling heldigvis heller ikkje sannsynleg.

 

Les fleire kommentarar frå Klaus Mohn på Sysla: