Arne Hjeltnes

er konsernsjef i det digitale kommunikasjonsbyrået Creuna, og medlem i Høyres sentralstyre. Mest kjent som tv-personlighet. Har tidligere jobbet som representant for Eksportutvalget for fisk i Hong Kong, og vært reiselivsutsending for Innovasjon Norge i New York.  Har også vært kommunikasjonsdirektør i Marine Harvest.

Det er kanskje ikkje noko nyhende at eg er ein stor tilhengar av den verdien fiskerinæringa har for framtida vår. Eg skal ikkje gå djupare i det denne gongen.

Nyleg la Ipsos MMI fram si store undersøking av nordmenn sine matvaner

Noko er i ferd med å henda.

1700 lokalmat-produsentar

Viss du trudde at nordmenn berre var opptekne av å kjøpa rimelegast mogeleg dopapir og kjøtdeig, så er det endringar på gang. Me har råd til å kjøpa skikkeleg mat og me gjer det i større og større grad.

Kvar maten kjem i frå vert viktigare for fleire og fleire av oss. I Noreg er det over 1700 lokalmat produsentar. Svært mange av dei er langs kysten.

Fire milliardar

Verdien på den lokale maten er estimert til om lag fire milliardar kroner. I hyllene på store supermarknader i hovudstaden er det vanleg for folk å sjå eplemost frå Hardanger, øl frå Flåm eller Florø, laks frå lokale røykeri og ostar frå Tingvoll på Nordmøre.

Det er ikkje lenger raritetar, men noko som det er veksande etterspurnad etter.

Norsk matproduksjon kjem aldri til å verta den billegaste, men det er mange døme på at me kan hevda oss godt samanlikna med andre nasjonar.

Soga bak maten

Ostane våre står ikkje noko attende for dei franske. Epla langs Hardangerfjorden egnar seg like godt til brunt fatlagra brennevin som dei franske.

Lam frå øyane frå Kristiansand i sør til Lofoten i nord får god pris, når ein berre tek seg bryet med å fortelja soga bak maten.

Den soga er verdt pengar og gir matvareprodusentane betre betalt for produkta dei lagar.

Inspirerande reiseliv

Likeins ser me at eit stadig meir inspirerande reiseliv byr på lokale spesialitetar, nett slik som me ynskjer å oppleva det når me reiser til landa rundt Middelhavet.

Langs heile kysten dukkar det opp triveleg og gode stader ein får skikkeleg mat. Ja, til og med ved sida av brukaret til den nye Hardangerbrua. Det løner seg å visa fram det me har og satsa på lokale råvarer.

Det kjem sjølvsagt ikkje av seg sjølv. Sogene må forteljast. Men verdien er der.

Verdien av kystlandskapet

Verdien av vårt reine, flotte kyst- og fjordlandskap.

På min nærbutikk står Ægir øl frå Sognefjorden saman med kjende internasjonale merkevarer.

Viss nokon hadde fortald meg for tjue år sidan at folket i Flåm skulle ha 8-10 årsverk og selja ølen for seksti kroner på fine butikkar i hovudstaden, hadde eg bede dei fint om å oppsøka distriktslegen.

 

Les Arne Hjeltnes førre kommentar på Sysla: