Den største auken kjem frå olje- og gassutvinning, som i 2015 stod for 28 prosent av nasjonale utslepp. Skal vi klare å redusere våre utslepp med 40 prosent og samtidig «kjøre på litt» med 24. konsesjonsrunde, har vi ein meget lang veg å gå!

Korleis kjem vi oss dit, og kva er eigentleg synet vårt på den omstillinga vi står ovanfor? Er det grøne skiftet ei rein utgift for Noreg, eller er det ei investering i kompetanseheving og potensial for ei ny eksportvare?

På trass av

Ting begynner å skje i Noreg også. Fornybar AS er endeleg på veg, elbilsatsinga er vi verdsleiande på, hydrogensatsinga begynner så smått å ta form. Likevel er mitt inntrykk at regjeringa framleis sit på gjerdet.

Med det fell ansvaret på utålmodige sjeler i landet som må på bana for å dytte regjeringa ned frå gjerdet slik at noko faktisk vert gjort! Det kjennes ut som det grøne skiftet skjer på trass av styresmaktene, ikkje på grunn av. Sei frå viss eg tek feil, men skal ikkje dei som leier landet faktisk LEIE landet?

Dette manglar

Ein treng mange eigenskaper for å leie eit land, men det slår meg at det er tre ting som er kollektivt manglande blant våre styresmakter:

  • Eintydig kommunikasjon
  • Ein klar visjon
  • Integritet

Mitt inntrykk er at fortellinga endrar seg alt etter kven ein snakkar med og at folk får høyre det dei ønsker å høyre, ikkje det dei treng å høyre. Visjonen verkar å vere beskjeden nok til å ikkje strekke seg lenger enn til neste valg og integriteten svekkast kvar gong politikarane oppfører seg som nikkedukker for den fossile industrien.

Må tørre å avbryte

Denne oppførselen gjer det vanskeleg for nye aktørar å vite kva ein skal satse på og kva inntjening ein kan forvente. Med tanke på at mange investeringer innan fornybar energi er kapitalintensive, medfører dette ein unødvendig høg risiko forbunde med fornybar energi.

I den andre enden sit oljebransjen med minimal initiell risiko idet skatterefusjonsordninga dekker 78 prosent av utgiftene på leitesida. Kvifor oppfører våre leiarar seg på denne måten?

Kva skjer viss regjeringa gjer noko feil – Det vert mange oppslag i media om kor dårleg satsinga var. Det er forsåvidt greit viss satsinga ikkje gav meining frå begynnelsen av.

Men viss ein gjer noko som gir meining på det tidspunktet då ein gjer det, korleis kan ein seie noko negativt om det? Vi må tørre å satse! Samtidig må vi tørre å avbryte ei satsing viss vi opparbeider ny kunnskap som tilseier at samfunnet er betre tjent med at vi avslutter satsinga.

Satsa på olja

Ifølge SSB var nettogjelda til Noreg på 10 mrd i 1967 og gjekk opp til 104 mrd i 1979. Mykje av dette grunna satsing på olje.

Dette var ei fantastisk satsing av modige politikarar som tørte å investere med ein langsiktig tankegang. Sidan den gong har det fossa frå oljekrana inn i statskassa. Det er lett å bli godt vand med slike inntekter, og ein stenger gjerne ute det som har potensiale til å redusere denne velstanden.

Vi har lenge visst at oljekrana ikkje har god haldbarheit. Løysinga på dette har vore å presse oljekrana maksimalt, ikkje å investere i fleire kraner som kan ta over bidraget til statskassa når oljekrana går i stykker. Denne kortsiktige galskapen er gjennomsyra i den norske politikken.

Viss vi legg betre til rette for at politikarane kan satse langsiktig, ikkje berre mot neste valg i frykt for dårleg medieomtale, får vi då det leiarskapet vi treng her i landet?

Kven leier eigentleg landet medan regjeringa sit og ser på?