– Ja, dette er noko vi jobbar kontinuerleg med. Slik marknaden har vore i det siste, har det ikkje vore lett å selje eit slikt skip til ein pris vi har vore nøgde med.

IES ENergy - Kleven - Malaysia 2

Første kontrakten med ein kunde i sydaust-Asia, vart eit mareritt for Kleven. Selskapet har tatt store tapsavskrivingar på fleirbruksskipet. Foto: Kjetil Haanes

Det seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven til Nett.no.

Det 103 meter lange og 20 meter breie fleirbruksskipet vart opphaveleg bestilt i juli 2014 av det malaysiske joint venture-selskapet IES Pioneer Ltd.

Første frå sydaust-Asia
Det vekte litt oppsikt at eit malaysisk selskap valde å byggje i Norge, men Ståle Rasmussen var godt nøgd.

– Vi er svært glade for å kunne offentleggjere vår første nybyggingskontrakt med ein kunde i sydaust-Asia. Dette viser at vi er konkurransedyktige globalt på vår kvalitet, leveringstid og pris.

Kleven heldt sin del av avtalen, men det malaysiske selskapet fekk betalingsproblem ettersom ein ikkje lukkast å få kontrakt på båten, ein Marin Teknikk-utvikla båt som var bygt på spekulasjon.

Bygd for djupvassoperasjonar
Båten har ei 150 tonns hiv-kompensert offshorekran, har eit dekk på 1.000 kvadratmeter og er utrusta for 60 personar. Båten er spesielt bygd for å gjere oppdrag på djupt hav utanfor nye oljefelt av sydaust-Asia og Midt-Austen, men offshorekrisa nådde også desse områda.

Overleveringa av skipet til det malaysiske selskapet vart utsett fleire gongar, i påvente av at betalingane skulle kome, men til slutt måtte Kleven innsjå at det aldri vart levering, og at ein sjølv vart sitjande att med skipet.

Stort tap
I fjor tok Kleven eit rekneskapsmessig stort tap på kontrakten, ein kontrakt som i utgangspunktet var på nærare ein halv milliard kroner.

Skipet ligg no ved Myklebust Verft i Gursken, og Ståle Rasmussen opplyser at det har vore fleire interessentar og sett på skipet.

Hittil har ikkje pristilboda vore gode nok til at Kleven har sagt ja.

– Vi meiner at dette er eit godt skip, som det er muleg å få ein bra pris for når marknaden betrar seg.

– Uansett har dette vore ei vanskeleg sak for verftet. Det er ikkje slik vi likar at det skal vere, og håpar å få løyst denne saka på ein grei måte snart.