TTS Group og Ulstein har gått inn i eit samarbeid om å utvikle 3D-rørslekompenserte kraner til offshoreindustrien. Denne aktiviteten har ført fram til ein kontrakt på ei TTS ColibriTM-kran til eit nybygd offshorevind serviceoperasjonsskip (SOV) for Louis Dreyfus Armateurs. Krana er planlagt levert i 2. kvartal 2018. Krana kombinerer TTS sin kompetanse innan krandesign og produksjon med Ulstein sine erfaringar innan innovativ rørsleteknologi og analyse.

– Det er to forhold som set TTS ColibriTM i ei særstilling samanlikna med andre løysingar i marknaden, seier Gilbert Rezette, administrerande direktør i Ulstein Equipment, eit nederlandsk dotterselskap i Ulstein Group.

– Først og fremst er det innebygde ColibriTM-systemet eit frittståande tilleggsutstyr til ei standard offshorekran, og bidreg til å auke funksjonaliteten til krana. Det som gjer dette systemet heilt unikt er anti-svingteknologien, som også gjer det mogleg å redusere vinden sin påverknad som elles har direkte innverknad på den hengande lasta.

TTS Colibri-krana kjem i tre storleikar: 1 tonn, 3 tonn og 7 tonn. Denne første kontrakten er for ein 1-tonns-versjon, der krana sjølv har kapasitet til å kunne løfte 3 tonn med ein opsjon på oppgradering til 10 tonn.

– Ved å slå oss saman i å utvikle denne krana, har vi kome fram til eit svært attraktivt alternativ i dette marknadssegmentet, seier Carl Herland, salssjef i TTS Offshore Solutions, eit dotterselskap i TTS Group.

– Colibri-teknologien er dessutan også veleigna for ettermontering på eksisterande kraner, slik at ein får oppgradert kraner som alt er i bruk. Med Colibri-teknologien kan reiarlaga auke fleksibiliteten til flåten sin.