Under Nor-Shipping på Lillestrøm onsdag, snakka Brende varmt om at statar må verte flinkare til å samarbeide for å utnytte havressursane på ein berekraftig måte, skriv Nett.no.

– Lenge har det vore ein kamp om å vinne, men no er tida inne for samarbeid, sa Brende.

– Enorme mulegheiter

Han viste til at det finst enorme uutnytta ressursar i havromet.

– 70 prosent av kloden består av hav, men berre 17 prosent av proteina vi brukar kjem frå havet.

– Mulegheitene er enorme.

Godt torskesamarbeid

Men han etterlyste betre tverrstatleg samarbeid for forvaltning av ressursane både i og under havet.

Her trekte han fram samarbeidet med Russland om arktisk torsk som eit eksempel på godt samarbeid.

– No fiskar vi ein million tonn arktisk torsk årleg i Barentshavet. Vi er samde om fordelinga, og begge statar følgjer nøye råda frå forskarane.

– Vi må sikre ressursane, men vi må gjere det saman, sa Brende.

Arbeider med Remøy-løysing
På spørsmål frå Nett.no om kva han gjer med den fastslåaste situasjonen for reketrålaren Remøy, som 10. mai vart arrest av russisk kystvakt etter ein dokumentglipp frå Fiskeridirektoratet, seier Brende at han nyleg hadde møte med reiarlaget, Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr og Fiskebåt.

– Møtet var godt og konstruktivt, seier Brende.

Brende viser også til svaret han onsdag gav til stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete.

Reagerer på kausjonssummen

I det svaret vert det vist til at norske styresmakter arbeider med å finne ei løysing, slik at Remøy så raskt som mogleg kan bli frigitt og vende tilbake til fiske igjen.

«Saka er til handsaming i russisk rettsvesen. I våre kontaktar med russiske styresmakter har vi peika på at kausjonssummen er reist langt over internasjonal praksis i slike saker.

Generalkonsulatet i Murmansk og ambassaden i Moskva har vore i kontakt med russiske styresmakter. Nærings- og fiskeridepartementet har sendt brev til russiske fiskeristyresmakter. Utanriksdepartementet og generalkonsulatet i Murmansk held fram med å gi rederiet og mannskapet konsulær bistand,,» fastslår Brende i svaret.

Kausjonssummen som Remøy Havfiske har fått presentert er på 90 millionar kroner.