31 farty for til saman 12,8 milliardar kroner.

Det er ordreinngangen for norske skipsverft i 2016 viser statistikken frå sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft, skriv Nett.no. Statistikken omfattar kontraktar over 50 millionar kroner.

Åtte av skipa er passasjerskip, som blir bygd for cruisemarknaden. Kleven skal bygge hurtigruter og Vard ekspedisjonscruiseskip, og til saman har dei åtte passasjerskipa norske verft sikra seg i fjor ein kontraktsverdi på cirka 5,6 milliardar kroner.

I tillegg er det bestilt seks ferjer for rundt ein milliard kroner og 12 fiskebåtar for rundt 2,6 milliardar. Resten av orderinngangen i 2016 består av ein yacht hos Ulstein Verft og fire farty til oppdrettsnæringa.

Les også: Vard opna verftsåret 2017 med kontraktar på 600 millionar

Profiterer på den grøne skiftet
Under offshoreboomen låg ordreinngangen rundt 20 milliardar kroner i året.

I 2015 var den på 11,2 milliardar og i fjor altså 12,8 milliardar.

Administrerande dirketør Asle Strønen i Norske Skipsverft trur det grøne skiftet – overgang til skip med meir miljøvenleg teknologi – vil vere med på å løfte nivået samanlikna med 2015 og 2016, men det kan ta to-tre år før veksten viser seg.

Offshore kjem tilbake
Ordreinngangen i fjor var blotta for offshore-farty, som var sjølve bærebjelken for verftsnæringa i mange år. Strønen trur det etterkvart vil bli tinga nye offshorefarty, sjølv om det samstundes er skip som ligg i opplag.

Grunnen er at deler at offshoreflåten i opplag vil bli utdatert med omsyn til kapasitet og miljøprofil.

Samstundes vil vi få ei generell vekst i skipsbygging fordi reiarane går over til meir miljøvenlege skip – anten på grunn av skjerpa miljøkrav eller fordi reiarane si vurdering av marknaden er at det er ein fordel å velge miljøvenleg.

– Tilgangen på ny teknologi framskundar investeringar som elles ville kome seinare, seier Strønen til Nett.no.

Krav og marknad
Investeringane i batteridrivne ferjer og andre løysingar for å redusere utslepp er drivne fram av skjerpa utsleppskrav frå styresmaktene.  Sightseeings-fartyet Vision of the Fjord eit døme på at reiarlaget vel ein meir milljøvenleg teknologi ut frå ei vurdering av at kundane vil etterspørje ei slik løysing.

Det såkalla grøne skiftet er grunnen til at Strønen trur den ordreinngangen i løpet av eit år vil stige igjen, samanlikna med 2015 og 2016.

Det betyr både meir batteridrift, men og bruk av nye energikjelder som hydrogen.

– Vi har berre sett begynnelsen på det grøne skiftet innan ferjer, fiskebåtar, brønnbåtar, hurtigbåtar og større passasjer og ekspedisjonsskip, seier Strønen.