Verftsdirektør Jarle Gunnarstein opplyser at hallen skal romme ny rørhall, nytt maskinverksted og lager.

– Satsinga ar viktig for den daglege drifta av verftet, seier Gunnarstein til nett.no.

Godt med arbeid
Larsnes Mek. Verksted har i dag fem båtar under bygging, fordelt på fire fiskefartøy og ein brønnbåt.

– Vi er sikra arbeid til midten av 2018, seier Gunnarstein.

Viktig for arbeidsmiljøet
Han seier at med den aktiviteten som er ved verftet er ein avhengig av større plass til rørbygging, maskinverksted og lager.

– Vi strebar etter å levere så god kvalitet som muleg, og ha gode arbeidsfasilitetar for dei tilsette.

– Satsinga er viktig for arbeidsmiljøet, seier Gunnarstein.