To gongar i veka legg eit containerskip frå Samskip til kai ved Ekornesfabrikken sitt hovudanlegg i Sykkylven. Målet er hamna i Rotterdam, der kontainarane frå Ekornes blir lasta over på bilar og køyrd rett til møbelkonsernet sitt nye senter – hub – for distribusjon i kontinental-Europa, knappe fem mil unna hamna.

Omlegginga av distribusjonen, som også omfattar færre distribusjonsentralar  i Europa – kan gi innsparing “i størrelsesorden” 10 millionar kroner etter Ekornes sine berekningar, skriv Nett.no.

Omrekna i trailerlass betyr satsinga på skipstransport 10-11 færre vogntog i veka frå Sykkylven og sørover gjennom Gudbrandsdalen. Målt i CO2-utslepp og energiforbruk er det snakk om ein reduksjon på rundt 40 prosent.

Tenkte nytt

Her må det vel vere mogleg å bruke meir båt, tenkte Stian Østrem då han kom til Ekorneskonsernet i 2014. Som prosjektleiar innan “supply chain” såg han saman med gruppa som blei oppretta for formålet, på all vareflyt både inn, gjennom og ut av selskapet.

Stressless

Ved å flytte meir frakt over til sjøvegen sender Ekornes 10-11 færre trailarar til Europa i veka. Foto: Ogne Øyehaug

Då hadde Ekornes eitt skipsanløp i veka til si eiga kai, i tillegg til at ein del varer blei skipa ut frå Ålesund. Og hovudmengda av varene som skulle til kontinental-Europa blei køyrd med bil.

No er målet at 70 prosent av varene til kontinental-Europa går sjøvegen, resten med bil.

Østrem seier til Nett.no at Ekornes langt på veg har nådd målet, og no jobbar med finjustering av fordelinga, mellom anna for å sikre stabilitet i leveransane også når styggever gjer at skipa er forseinka. Men det er justeringar, det store bildet er heilt klart – skip løner seg og fungerer godt.

Held tidskjema

Eit sentralt poeng i omlegginga er at kundane skal få Ekornes-møblane minst like raskt som før. Med berre eitt anløp betydde det at det gjekk ei veke mellom kvar gong Ekornes kunne levere i Europa. No er det tre-fire dagar mellom kvar gong.

Overgangen til meir båttransport er hovudårsaka til at Ekornes meiner det er råd å kutte transportkostnadane til kontinental-Europa med rundt 10 millionar kroner. Men for å kome heilt i mål reduserer Ekornes også talet på lager i Europa frå fem til to. Reduksjonen skal vere fullført innan året er omme.

Målet for neste steg på vegen er å bruke meir direkte distribusjon. Fleire kundar er så store at dei kan ta i mot ein heil kontainer rett frå fabrikken i staden for at møblane skal bli pakka om og sendt vidare frå lageret ved Rotterdam.

Då er det betre å pakke kontaineren perfekt i Sykkylven, slik at den kan fraktast direkte frå skip til butikk.

Ser etter returlast

Østrem seier Ekornes har rekna seg fram til eit innsparingspotensiale på to-tre millionar kroner i året på at råvare- og del-leverandørane til Ekornes kan handterast meir direkte av Ekornes, i mange tilfelle via Rotterdam, og at varene deretter blir frakta til Sykkylven sjøvegen. Kvar for seg er ikkje leverandørane store nok til at båttransport har noko føre seg, men med samordning blir båt eit aktuelt alternativ.

Ekornes opnar og for å la andre bedrifter i Sykkylven og elles på Nordvestlandet henge seg på skipstransportsatsinga.

Kaia ved Ekornes-anlegget er eigd og driven av møbelkonsernet, og Ekornes vil gjerne ha meir trafikk.

– Det er ein open invitasjon. Viss bedrifter skulle vere usikre på om båttransport skulle vere noko for dei – storleiken tatt i betraktning – så kan dei berre ta kontakt, seier Østrem.