– Vi har fått relasjonar basert på dette som kan bli interessante på sikt, seier kommunikasjonsjef Lene Trude Solheim i Ulstein Group om utprøving av digital marknadsføring til Nett.no.

Saman med Metizoft oog Uptime International har Ulstein Group vore med på ei halvårig utprøving av bruken av digital marknadsføring retta mot bedrifter.

Klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime er arrangør i samarbeid med  kommunikasjonbyrået Racer.

Skip på nett

Racer og bedriftene utarbeidde blant anna eigne nettsider for dei tre bedriftene, i tillegg til nettsiden bedriftene hadde frå før.

Poenget var å teste ulike måtar å presentere bedrifter og produkt, og måle responsen undervegs.

Med i prosjektet var og målretta marknadsføring på nett, blant anna i søkemotorar.

Ingen skilnad på jobb og privat

Funna i prosjektet er mellom anna at mekanismane som gjer digital marknadsføring mot forbrukarar vellukka, slår ut på same vis når målgruppa er bedrifter og bedriftsleiarar.

Skip kan selgast på nett, var konklusjonen frå Olav Sindre Kriken i Racer, som presenterte funna frå det halvårige prosjektet på NTNU i Ålesund.

Hans råd er at bedriften i den maritime bransjen kjem i gang med digital marknadsføring raskt, og utnyttar at det kan gi dei eit forsprang til konkurrentane.

Må følgast opp

– Digital marknadsføring gir salsavdelinga fleire kundar å jobbe vidare med, den erstattar ikkje salsarbeidet, seier Solheim.

Hos Ulstein er det kommunikasjonsavdelinga som handterer henvendelsar som kjem via digital marknadsføring, før salsavdelinga blir tipsa om kontaktar det er verdt å gå vidare med.