Begge var denne veka innleiarar under ein Nor-Shipping-konferanse om Agenda Ocean, med fokus på mulegheitene som ligg i havromet og bruk av ny teknologi, skriv Nett.no.

Havila Shipping er eitt av mange offshoreselskap som har vore i djup krise, og adm. dir. Njål Sævik meinte at det ville ta tid før ein såg positive tal.

– Marknaden vil kome tilbake, men ikkje slik det var i 2012-2013. Det var enden av ein oppturssyklus, og vi vil ikkje sjå slike tilstander igjen.

Mange Kina-skip

Sævik meinte også at mange av dei skipa som i dag ligg i opplag aldri vil kome tilbake i arbeid innanfor olje eller gass.

– I tillegg veit vi i dag at det er rundt 300 PSV-ar kontraherte eller under bygging i Kina.

–  Heller ikkje mange av desse vil kome ut og arbeide inann olje og gass. Kanskje vert det 50. Ikkje mange fleire, sa Sævik.

– Alle treng skip

Kleven har vore av dei store aktørane i bygging av offshorefartøy.

Styreleiar Kjersti Kleven meinte at erfaringane i å byggje komplekse og avanserte offshorefartøy måtte overførast til andre område.

Ho viste spesielt til mulegheitene som ligg i bygging av skip til ekspedisjonscruise, oppdrett og offshore havvind.

– Det positive er at all ‘ocean industry’ treng skip.

Anna tankegang

Ho trekte også fram erfaringane ein brukte frå bygging av subseaskip til å byggje eit namibisk diamantleiteskip.

–  Mulegheitene er der, men vårt konkurransefortrinn ligg i å byggje avanserte og komplekse skip til avanserte og komplekse operasjonar.

Ho sa at både tankegang og forretningsmodell var annaleis i dei nye marknadene.

– I alle fall tek beslutningsprossesane no lenger tid enn det vi er vane med frå offshore.

Må lære av bilindustrien

Utviklingsdirektør Oskar Levander i Rolls-Royce meinte at det finst masse mulegheiter i den digitale tidsalder.

– Vi står framfor enorme endringar i shipping.

– Ikkje minst vil vi sjå at løysingane i shipping vert mykje tettare kopla opp mot sluttbrukaren enn det som er tilfelle i dag, på mange måtar slik vi i dag har det i bilindustrien.

Rosar Røkke

Generalsekretær Nina Jensen i WWW (World Wildlife Fund) var samd i at at mulegheitene var enorme, men ho meinte at bransjen starta i feil ende.

– Det første ein må ha fokus på er å stanse issmeltinga og berge det som er av utsett liv.

Ho vart sjølv utfordra av samarbeidet WWW har med Kjell Inge Røkke og hans satsing på det 181 meter lange forskingsskipet, stappfullt med ny banebrytande teknologi.

–  Det er rett at vi er usamde med Røkke når det gjeld hans satsing på olje og gass, men i staden for å kritisere Røkke burde alle applaudert Røkke for den satsinga han no gjer på miljø.

– Vi er 100 prosent komfortable med dette samarbeidet.