Forrige veke var mannskapsjef Kåre Molvær i Sølvtrans på ungdomsskulearrangementet Tip-Top Dag på Giske i Sunnmøre for å vise fram selskapet for over 200 15-åringar.

Han er bekymra for nedgangen i søknadar til yrkesutdanning som kvalifiserer til jobb som skip, skriv Nett.no.

Mannskapssjef Kåre Molvær i Sølvtrans. Foto:
Ogne Øyehaug

– Vi ser ein nedgang i søkjarmassen til maritime fag. Det er litt difor vi er her, for å vise moglegheitene dei har i maritime fag, seier Molvær.

Vekst

Medan offshore-reiarlaga har krympa er det vekst i brønnbåtbransjen, og Molvær vil unngå at omtalen av problema i offshorereiarlaga smittar over på alle typar reiarlag.

Skjer det vil reiarlaga få ein nedtur i rekrutteringa om få år.

Sølvtrans hadde nok eit rekordår i fjor. Selskapet vil byggje verdas største brønnbåt, Ronja Storm. Tidlegare i år vart Ronja Ocean Døypt.

Vil prøve igjen

Tip-Top dagen er arrangert av Opplæringskontoret for tekniske fag og opplæringskontoret for maritime fag og er retta mot ungdomskuleelevar på nordre Sunnmøre.

Så sant finansiering fell på plass vil Torunn Lied Giske i Opplæringskontoret for maritime fag gjerne gjenta arrangement og også halde det på andre stadar på Nordvestlandet for å nå fleire.