Ein av dei er John Arne Hegg. Han hadde aldri vore i tvil om kva han skulle bli.

Han ville ut og sjå verda.

Det var Thor Heyerdahl si skuld, og andre som skreiv reisebøker. Alt som 15-åring tok han til som sjauar på frakteskøyta «Kannaskjær» som gjekk i Trondheimsfjorden med kraftfor, slakt og kolonialvarer.

På dette bildet, tatt på Rosekjellaren i Oslo i juli 1961, er Hegg nett fullbefaren matros. Han hadde knapt vore i Noreg på fire år.

Dei feira på Rosekjellaren i Oslo i juli 1961, etter to år på «Belocean». John Arne Hegg i ny dress og med sigar, til høgre på bildet. Foto: Privat

MS «Sønnavind» fra Borgestad Rederi.

Rett nok var han heimom etter 17 månaders fyrstereis på MS «Sønnavind». Men dei vekene hadde gått i ein røyk, med god hjelp til å bli kvitt avmønstringa på 4.000 kroner. No hadde han to nye år attom seg, på tungløftskipet «Belocean». Lommeboka bula igjen.

Etter framhaldsskulen tok han skuleskipet «Trøndelag».

Før tremånaderskurset var slutt kom det tilbod om å reisa til Amerika for å mønstra der, og John var den fyrste som melde seg.

Blåveis og mariusgenser

Det tok ei dryg veke å få hyre i New York.

FØRSTEREIS: Førstereis John Arne Hegg på MS «Sønnavind» (Borgestad). Saman med motormann Hartvigsen frå Harstad og (bak) ein dansk matros. Foto: Privat

Den brukte dei på Sjømannshotellet i Brooklyn, der gamlekarane sat og ausa ut forteljingar som knapt hadde sloppe gjennom sensuren til jamaldringane heime.
Dei på veg inn i ei anna verd, og korta tida med å spela kort.

Ein jungmann klaga John for fusk, og baud på nevekamp for å avgjera klagemålet. John hadde vel litt overmot på grunn av sjauarmusklane, og utfordraren var knapt større enn han sjølv. Men han hadde alt vore eit år ute i denne andre verda.

Gullalderen

Den norske handelsflåten slukte all arbeidskraft han kunne få tak i.

Rundt 60.000 sjøfolk var det på det meste.

 

TØFFE KARAR: Ei anna verd. Dei vaks fort til. Kaffipause på dekk på «Belocean» (Belships). Foto: Privat

For norske unggutar – og nokre få jenter – var det snarvegen til eventyr og feite lommebøker.

For reiarlag og investorar var ikkje tidene mindre gylne. Norske sjøfolk var 60-åras «fillipinarar»: Dyktige, lojale – og billege.

Sjå fleire videointervju med sjøfolk på memoar.no.

Endringane

John Arne viser eit bilete frå Bangkok. Rekker av hamnearbeidarar med kvar sin 100-kilos rissekk på ryggen.

Rislasting i Bangkok 1961. Foto: Privat

«Bortsett frå slitet, så tok det vekevis å lasta båtane på denne måten. I dag kjem risen i konteinarar, lastinga er unnagjort på få timar».

På same måten har det kome endringar på alle sider av sjøfarten – laste- og losseutstyr, navigasjon og kommunikasjon, forpleiing og ikkje minst skipskonstruksjon.

Dels som følgje og dels som årsak til dei tekniske endringane har både organisasjon og kultur endra seg, om bord, i hamnene og i driftsorganisasjonane.

Sjøfolka og storsamfunnet

Hegg peikar på tilsvarande endringar industri, oljesektor, finans og generell globalisering.

I dag er John Arne Hegg (74 år) pensjonist og bur i Bergen. Foto: Privat

«Storsamfunnet har aldri forstått kor viktig sjøfarten er – verken då han var på sitt høgaste, eller som plattform for det som har kome seinare»,

Han trekker gjerne parallellar mellom makro og mikronivå i dette og samanliknar storsamfunnet med jamaldringane i Trondheim: Når sjømannen kom heim med surt opptent avmønstring, var dei gjerne med på å drosja rundt. Men når pengane tok slutt, vart venskapen gløymd. Berre hånfliren om pengar og fulle sjøfolk hang att

Haisløying på skipet. Foto: Privat

«Men,» vedgår Hegg. «Litt av skulda må me vel ta sjølve. Me var vel ikkje alltid like flinke til å skriva heim …»

Biletet frå Rosekjellaren, for eksempel. Det var teke av ein fotograf som fekk betaling på staden for å senda biletet. Det gjorde han neste dag. Men det gjorde ikkje John.

Så fotografiet kom først, til ein familie som ikkje hadde aning om kor i verda gutungen var.

BREVET HEIM: Familien fekk dette biletet av Hegg frå Rosekjellaren, før den unge karen sjølv kom heim. Foto: Privat

Tungløftskipet «Belocean». På dette skipet ble John Arne Hegg matros.

Denne saken er tidligere publisert hos Bergens Tidende.