– Faktum er at den nyare norske offshoreflåten er den mest miljøvenlege flåten som eksisterer i verda i dag.

Håvard Ulstein - LNG

LNG: Håvard Ulstein ved ein av dei to store LNG-motorane om bord i Island Crusader. 60 millionar ekstra satsa selskapet på nye miljøvenlege løysingar om bord i denne eine båten. Foto: Kjetil Haanes

I ei rekkje artiklar og innspel har sentrale norske politikarar peikt på offshoreflåten når det er snakk om behovet for eit grønt skifte. Dette er Håvard Ulstein provosert over, skriv Nett.no.

– Eg veit ikkje om dette skuldast at dei ikkje har fulgt med i timen, men sanninga er at dei siste ti åra har heile den norske offshorenæringa hatt fokus på å kutte utsleppa til både luft og vatn. Alle har investert store summar for å få dette til, og ein har også lukkast.

Enig? Del denne saka med andre på Facebook

– I staden for å få kritikk, synst eg faktisk at vi fortener litt ros. Vi har nok utfordringar å slite med om dagen om vi ikkje også må slite med dette, seier han.

Fakta

Toppar internasjonal liste

  • Kombinert med satsing på eksosreinsing, nye skrogformer, innslag av batteridrift og andre tiltak har dei nyare norske offshorefartøya vorte miljøvinnarar på havet – i staden for miljøtaparar, ifølgje Ulstein.
  • Han viser spesielt til den internasjonale ESI-lista (Environmental Ship Index) – med ei miljørangering av 5.200 skip. Her er det norske skip som dominerer, med norske offshorefartøy på rekkje og rad i toppen.
  • Sjå lista her.

Vi møter Håvard Ulstein om bord i Island Crusader i Hjørungavåg. Den fem år gamle PSV-en er eitt av ti Island Offshore-skip som no ligg i opplag.

– Dette er ein av dei mest miljøvenlege båtane som er bygde. Denne båten burde vore i arbeid i Nordsjøen i staden for å liggje her, seier Ulstein.

Lavutsleppsskip

Om bord er det mellom anna to store motorar som går på LNG – flytande naturgass.

I løpet av båten si levetid har båten gått 25.000 timar på LNG-generatorane og berre 5.000 timar på dieselgeneratorane.

– Dette skipet slepper ut svært lite NoX, null SoX, null partiklar og 25 prosent mindre CO2. Kundane får både i pose og sekk ved at drivstoffet er billegare, samt at miljøavgiftene vert lavare.

– Island Crusader kosta Island Offshore 60 millionar meir å byggje enn om det var eit skip med konvensjonell framdrift. Noko av dette har vi fått tilbake frå NoX-fondet, men langtfrå det vi har satsa. Likevel ligg skipet her i opplag, seier Ulstein.

Haldningsendring

Ulstein viser også til den haldningsendringa til miljø det har vorte mellom sjøfolka som driv båtane, noko som også har gitt store gevinstar.

Island 3 - Håvard Ulstein

OPPLAG: Island Offshore har ti skip i opplag, tre av dei i Hjørungavåg. Håvard Ulstein meiner offshorereiarlaga har nok å stri med for tida om ikkje politikarar og andre i tillegg skal peike på offshoreselskapa som eit miljøproblem. Ulstein meiner tvert imot at offshoreselskapa fortener ros for miljøsatsinga.

– Der er også ei sunn konkurranse mellom fartøya internt i reiarlaga, samt mellom kvart reiarlag på å operere mest mogleg effektivt og miljøvenleg.

Håvard Ulstein viser også til at ruteplanlegging gjer at båtane går akkurat fort nok til å nå fram med varene til rett tid.

–  Ein er blitt meir bevist på kva som krev energi frå kraftverket ombord og stenger ned det som ikkje trengst.

– Båtane har også blitt tettare, slik at det praktisk tala er ingenting anna enn kjølevatn som blir sleppt ut i sjøen. Det er også investert i system for oppsamling av sludge (bl. a. brukt smørolje, red. mrk.) og dette blir levert til land for gjenvinning. Alternativet vil vere å brenne det.

Bør premiere miljøskip

Han synst også at det er merkeleg at ein ikkje har fått på plass mekanismer som gjer at dei miljøvenlege skipa vert premierte ved tildeling av nye oppdrag.

– Om myndigheitene skulle gjort noko konkret, burde ein starta her, slik at ein fekk fjerna dei miljøforureinande skipa og fått dagens miljøvenlege skip i drift.

PedersenmontHør podcast: – Skraping blir redningen for rigg, men ikke for rederiene

Det er for lite kostbart å ha offshore-skip i opplag til at vi vil se skraping på et nivå som kan bedre markedet, mener Kristoffer Pedersen i Nordea Markets.