Ni år gamle Sanco Sky vart lege i opplag på Moltu i Herøy i desember 2015. Båten har vorte brukt som støttefartøy for seismikk, mellom anna for å frakte olje.

Arbeid i fire månader

Nyleg sikra reiarlaget seg fire månaders arbeid med ein norsk kunde i Barentshavet. Slettevoll seier at ratene ikkje er noko å rope hurra for.

– Det er dårleg, men betre enn å ha båten i opplag, seier han til Nett.no.

Kontrakten fører til at 16 sjøfolk på nytt får arbeid, eit arbeid som både medfører oljefrakt og frakt av personell og utstyr.

– Vi håper at vi får forlenga denne kontrakten.

Litt lysning
Gjerdsvik-reiarlaget har to andre skip liggjande i opplag; Sanco Spirit på Moltu og Sanco Star på Las Palmas. Slettevoll seier at han har tru på at begge båtane vil vere i arbeid frå august.

Sjølv om det er litt lysning, vil Slettevoll langtfrå friskmelde seismikkmarknaden.

– Nei, det er lenge til vi er der, men det er uansett ein del meir aktivitet.

– Det er fleire førespurnader enn på lang tid. Det er gledeleg.

Sanco-reiarlaget har totalt sju semsikkfartøy og støttefartøy for seismikk. Dei to nyaste skipa er Kleven-bygde Sanco Swift og Sanco Sword, som begge er i arbeid for PGS.