– Det er auka behov for skip, men der er framleis ein del humpar på vegen. Dei humpane testar grundig nervane til skipseigarar som frå før er utslitne etter to års kamp.

Det seier offshoreanalytikar Inger-Louise Molvær i Westshore til Nett.no.

– For mange båtar

Også Havila Shipping-direktør Njål Sævik seier at det går opp og ned.

– Det var ein del optimisme etter at vi fekk ein opptur i mars, men etterpå har det vore lite å glede seg over.

– Saka er at det framleis er for stort tilbod av båtar og for lite etterspørsel.

Avhengig av kontinuerleg arbeid

Havila Shipping teikna nyleg spotkontraktar for ankerhandterarane Havila Venus og Havila Mercury på 10.000 britiske pund i døgnet for Venus og 9.000 pund i døgnet for Mercury.

– Med så lave rater er vi heilt avhengige av å ha skipa så å seie kontinuerleg i arbeid for å dekkje omkostnadene, seier Sævik.

Ifølgje Westshore ligg Havila Venus og Havila Jupiter heilt i toppen når det gjeld utnyttingsgrad siste 30 døgn. Jupiter har 80 prosent, medan Venus har 77 prosent.

– Vi tener pengar så lenge vi har skipa i arbeid.

Sævik trur mange vil slite lenge enno.

– Ja, det er for tidleg å friskmelde næringa.

Ukomfortable reiarar

Inger-Louise Molvær seier at nedturen i april etter oppturen i mars sette mange reiarar i ein lite komfortabel situasjon.

– Lista over skip i opplag er framleis lang, og mange i næringa var meir enn klar til å leggje nedturen bak seg.

– At det no endeleg vart tatt båtar ut av opplag var som god musikk i øyrene for mange.

Solid nedtur

I snitt var ratene for ankerhandterarar i april på 10.654 pund, ein solid nedtur frå snittet på 31.393 pund i mars.

For PSV-ar låg snittet i april på 6.544 pund, ned frå 8.507 pund i mars.

Molvær seier at nedturen i april ikkje kom som eit resultat av at tonnasjen auka som følgje av at det kom skip ut av opplag, men heller var eit resultat av ein dropp i aktiviteten.

– Det er ikkje unormalt at marknaden svingar, og vegen fram til friskmelding vil vere krunglete.

– Men vi er likevel på rett veg. Antal riggar i arbeid aukar, og etterspørselen etter fartøy aukar, men for mange vert nervane uansett testa.