– Det er også ein god del førespurnader innanfor ulike prosjektoppdrag, seier Håvard Ulstein til Nett.no.

– Det livnar i lundar.

– Til å leve med

Island Offshore har i vinter hatt tiårsklassing på ankerhandterarane Valiant, Vanguard og Victory.

– Etter at desse båtane kom i arbeid, har ratene vore til å leve med.

Ifølgje Westshore.no fekk Island Valiant nyleg betalt 48.349 britiske pund i døgnet for den siste jobben. Det same fekk Farstad-skipet Far Sapphire.

– Det er alltid slik at ratene tek seg litt opp fram mot sommarsesongen, men uansett er det gledeleg det som no skjer, seier Ulstein.

Meir arbeid

Snittratene i mars for ankerhandterarar var 31.339 pund, mot 14.414 pund i mars i fjor.

Situasjonen er derimot ikkje så god for PSV-ar.

Island Offshore har no tre PSV-ar i opplag, i tillegg til brønnintervensjonsskipet Island Constructor.

Ulstein opplyser at Constructor skal i arbeid att frå mai av.

– Vi har oppdrag til skipet, men ikkje så langvarig i første omgang.

– Dobbelt feil

For PSV-ane som er att i opplag vil ein vente til ein får lengre kontraktar før dei vert tatt ut av opplag.

Mange aktørar åtvarar mot at selskap let seg freiste til å ta skip for fort ut av opplag, og at det kan øydeleggje for ein rateoppgang.

Håvard Ulstein deler same oppfatninga, men seier at det er skilnad på selskapa.

– Enkelte selskap har lagt mange skip i opplag, medan andre har tatt få ut.

– Det vert dobbelt feil om dei som tok dei fleste skipa ut også skal vere dei som skal vente lengst med å få skipa i arbeid.

Island Offshore er i ein økonomisk pressa situasjon, men Ulstein seier at selskapet har kontroll på situasjonen.

– Det hjelp også å få båtar i arbeid som tener pengar.