Fjord1 er enno ikke ferdig med å vurdere kva ferjematriell det skal sette inn på alle strekningane reiarlaget har vunne sidan i fjor, skriv Nett.no.

Også andre reiarlag reknar på nye ferjer, i tillegg til dei som dei alt har i bestilling. I alt det snakk om ferjekontraktar for minst 3,4 milliardar kroner under arbeid pr. i dag, rundt 2,8 av dei milliardane hos norske verft.

Pr. i dag er det snakk om fem ferjer til for å få kabalen på plass hos Fjord1, i følgje administerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1. Det blir nybygg, men kor mange er førebels ikkje avgjort, ifølgje Neteland.

13 ferjer i bestilling

I dag har reiarlaget 13 ferjer i bestilling. Byggeboomen starta i juni 2016 då Fjord1 offentleggjorde bygging av to ferjer hos det Tyrkiske verftet Tersan.

Ferjene skal trafikkere strekninga Lote-Anda og gå på batteri.

I same slengen vart det truleg tinga to hybrid el-ferjer til hos Tersan, som skal trafikkere strekninga Hufthamar i Austevoll – Krokeide i Bergen. Den kontrakten vart først offentlegjort i mai 2017, men bygginga er alt godt i gang og den første ferja skal i trafikk alt frå komande årsskifte.

Prisen for Tyrkia-ferjene er ikke oppgitt, men Nett.no anslår at det er snakk om eit samla oppdrag på minst 600 millionar kroner.

Vann Sunnmørspakken

Den førebels siste kontraheringa er fem ferjer til sambanda Hareid-Sulesund og Aurnes-Magerholm på Sunnmøre, der reiarlaget seier det er snakk om ein pris på i overkant av ein milliard kroner.

Ferjene som bygges hos Havyard skal gå på batteri.

Rett før jul 2016 fekk Havyard jobben med å bygge tre ferjer, der to skal gå i Trøndelag og ei i Hordaland. Og i slutten av mai offentleggjorde reiarlaget også ei kontrakt med Fjellstrand.

Fjellstrand bygde verdas første el-ferje, Ampere – som kryssar Sognefjorden, og skal bygge ein større og vidareutvikla versjon for Fjord1.

600 millionar til Vard

Fjord1 er ikkje åleine om å bygge nye ferjer.

I januar offentlegjorde Torghatten og Vard ei kontrakt på 600 millioner kroner, for bygging av to ferjer.

Torghatten har også to ferjer til ombygging for batteridrift hos Havyard.

I november 2016 tinga FosenNamsos Sjø to ferjer hos Kleven, ein kontrakt som truleg er på i overkant av 360 millionar kroner.

Hos Fiskerstrand Verft er overleveringa av ei ferje til Boreal like om hjørnet. Den blei bestilt i mai 2016 og kostar mellom 100 og 150 millionar kroner.