– Generelt er vi ikkje heilt fornøgd. Det går på kvalitet og leveringspresisjon, seier konsernsjef Rolf Fiskerstrand i Fiskerstrand Verft til Nett.no om sine erfaringar med tyrkisk skrogbygging.

Prisskilnaden mellom Tyrkia og Baltimum har krympa.

På toppen av det heile kjem den politiske situasjonen i Tyrkia. Politisk uvisse betyr økonomisk uvisse.

-Den politiske situasjonen kan få ei negativ utvikling, og difor har vi no valt å finne andre alternativ, seier Fiskerstrand.

Gjenforeining

Fiskerstrand har bygd skrog i Litauen heilt sidan 1999/2000. Samarbeidspartnaren har heile tida vore Western Shipyard i Litauen, som har ein av Estlands rikaste personar, Fjodor Berman, som eigar – gjennom BLRT Grupp i Tallin i Estland.

Samarbeidet blei så godt at dei bestemte seg for å etablere Fiskerstrand BLRT as i 2007, og eige det 50/50.

I 2014 kjøpte Fiskerstrand ut kompanjongen og samarbeidet vart avslutta.

Men no er dei i gang igjen.

– Vi har valt å gå tilbake til vår gode gamle samarbeidspartnar, seier Fiskerstrand.

For dyrt

Då samarbeidet vart avvikla var det summen av å bygge i Baltikum og Noreg som var for dyr, seier Fiskerstrand. Skroga til dei seks siste skipa dei bygde saman vart bygd i Tyrkia.

No ser reknestykket annsleis ut.

Dei to verfta skal samarbeid, ikkje reetablere det eit joint venture som dei hadde sist, seier Fiskerstrand.

Stoppa av finanskrisa

Då Fiskerstrand og Berman skilde lag i 2014 sa Rolf Fiskerstrand at det var finanskrisa i 2007/2008 som tok knekken på samarbeidet.

Finanskrisa gjorde at marknaden for Fiskerstrand sine farty generelt, og ferjene spesielt, fall heilt saman. Då den byrja å ta seg opp att var det ikkje lenger råd å oppnå gamle prisar, konkurransen var blitt for hard.