– Vi drog i snora tidleg nok og satsa på nye område då vi såg at offshore- og seismikkmarknaden kollapsa.

– I 2016 sat vi faktisk att med meir pengar på botnlina enn i 2015, seier sals- og marknadsdirektør Jon-Åge Eidem i Ulmatec til nett.no.

No trengst det fleire tilsette, i første omgang ved Ulmatec Pyro i Søvika og ved Ulmatec Handling Systems på Hareid.

– Det er snakk om fem-seks tilsette i første omgang, seier Eidem.

Oppdrett og vind

Ulmatec (Ulstein Marine Technology) vart oppretta i 2000 og konsernet har i dag rundt 300 tilsette.

I utgangspunktet var det olje- og offshoresektoren som var målgruppa for konsernet, men i 2014 gjekk ein på eit tap på drifta, med påfølgjande kostnadskutt og ein del permitteringar og omorganiseringar.

I 2015 omsette konsernet for 378 millionar kroner og sat att med eit resultat før skatt på 3,7 millionar.

– Det er andre område enn offshore vi har vakse på, ikkje minst innanfor oppdrett og vind, seier Eidem.

Stor vekst i Søvika

Mellom anna leverer selskapet utstyr til Optimar sitt nye avlusingssystem Optilice, og ein er også stor leverandør av utstyr til Uptime International sine gangvegar til offshore vind-installasjonar.

Men største veksten er det uansett Ulmatec Pyro i Søvika som har hatt, eit selskap som er store på leveransar av varmegjenvinningsutstyr.

– Det ser svært lovande ut for Ulmatec Pyro, der vi har utvikla lokala kraftig og satsar no stort på robotisering.

– I Søvika produserer vi alt innomhus, frå eigendesign, stålbrenning, sveising, lakk og elektro, seier Eidem.

Nysatsingar

Han opplyser at det er spennande nysatsingar i gang også på Hareid.

– Mellom anna har vi flytta det oppkjøpte selskapet Powdertech frå Surnadal til Hareid. Dette selskapet driv med mykje spanande innan mettallbearbeiding og blir eit flott tilskot til Ulmatec Components.

– Vi har og ein fantastisk flott base med 200 meter djupvasskai som vi jobbar med å kunne utnytte meir på Hareid, seier Eidem.

Hurtigrute-kontrakt

Konsernet hanka nyleg inn kontrakt på levering av utstyr til den nye Kleven-hurtigruta MS Roald Amundsen, med opsjon på levering av utstyr til MS Fridtjof Nansen og to andre hurtigruter.

Kontrakten inneber mellom anna levering av åtte sideportar i tillegg til utstyr som gangvegar, kraner og løfteanordningar til mindre båtar som skal nyttast til turar til og frå skipet.

– Ein viktig kontrakt for oss, og det er også gledeleg at denne kontrakten hamna på Sunnmøre.

– Vi er utrulig stolte av at Kleven Verft og Hurtigruten valgde våre løysingar til desse fantastiske skipa, seier Eidem.

Han legg uansett ikkje skjul på at dollarkursen har vore viktig for utstyr selskapet har eksportert.

– Ja valutaeffekten har bidratt positivt, men vi skulle nok klart oss greit likevel, seier han.

Dubai-selskap

Dei viktigaste heileigde selskapa i gruppa er Ulmatec Components (metallkonstruksjonar), og Ulmatec Handlings System (utvikling og sal av utstyr og mekanisk arbeid), saman med deleigde Ulmatec Baro (seismikkutstyr) og Ulmatec Pyro (varmegjenvinningsutstyr).

Konsernet er også store på skipsservice gjennom Ulmatec Skipsservice, der ein har verksted i Tromsø, Fosnavåg og Bergen.

– Vi har også rundt 30 tilsette i trading, og vi har Ulmatec Services Dubai, der herøyveringen Kjetil Leine styrer.

– Det ser slett ikkje så verst ut, seier Eidem.