Kontraktane vart signert i første kvartal 2017, skriv selskapet i ei pressemelding.

Bakgrunnen er at Höegh LNG har bestilt to nye LNG-tankskip på 170.000 kubikkmeter som skal byggast ved Samsung og Huyndai-verfta i Sør-Korea, skriv Stord24.

Opsjon på tre farty

Tankarane skal kvar utstyrast med fire Wärtsilä 50DF dual-fuel motorar. Dei nye skipa vil også få installert Wärtsilä sin nyaste regassifiseringsteknologi.

Kontrakten kjem med ein opsjon på ytterlegare tre farty i denne serien.

– Denne avtalen styrker det langvarige forholdet vårt med Höegh LNG, gjennom leveransen av vår nyeste teknologi innan motorar og regassifiseringsløysingar, samt ein teknisk vedlikehaldsavtale som sikrar optimal ytelse for flåten til selskapet, seier Cato Esperø, salsdirektør i Wärtsilä Norway.

God erfaring

Höegh LNG seier at dei har god erfaring med Wärtsilä tidlegare.

– Me har full tillit til Wärtsilä si ekspertise som løysingsleverandør, og me er trygge på at selskapet sine motorar og regassifiseringsteknologi er det beste valet for desse fartya, seier Gorm Hillgaar, Managing Director i Höegh LNG Fleet Management AS.

– Avtalen om vedlikehald er også svært viktig. Tenesta til Wärtsilä gir svært god føreseielegheit når det kjem til tilstanden til motorane og behovet for vedlikehald, noko som er av stor verdi for drifta vår.

Dette er den tredje nye kontrakten til Wärtsilä sålangt i år. For berre tre veker sidan signerte selskapet ein serviceavtale med Songa Offshore, og i februar drog dei i land ein serviceavtale med seismikkselskapet PGS Geophysical.