Det er berre nokre dagar sidan sist han var her – på fredag sto olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) på scena i Hall 3 på Kværner Stord for å feire tildelinga av Njord-kontrakten som sørgjer for 3.000 årsverk på Stord.

Måndag var han tilbake på Stord til eit planlagt besøk til ei rekkje industriverksemder og -prosjekt på Stord, mellom anna Statoil sitt Hywind-prosjekt på Eldøyane.

Nervøse

Ein stor forsamling av næringslivsleiarar var samla til lunsj i NCE-klynga Maritime Clean Tech på Heiane, skriv Stord24.

For sjølv om mykje peiker oppover på Stord no, så er det framleis verksemder som slit, og som hadde mykje dei gjerne ville formidle til olje- og energiministeren. Apply Leirvik er ein av verksemdene som no kjem til å kutte i staben.

– Me er ei prosjektbedrift, og har ei utfordring i å halde folk i arbeid. Spesielt dei unge tilsette er nervøse for dette, og er bekymra for framtida. Difor må de ikkje endre på permitteringsreglane, sa Arne Ottesen i Apply Leirvik.

Mister kompetanse

Bodskapen gav gjengklang hos Kværner-direktør Steinar Røgenes, som no ser slutten på sine permitteringar.

– Ikkje tull med permitteringsregelverket!

– Eg skjønar argumentet i ein stor arbeidsmarknad som Oslo, men me har ikkje det same biletet her. Me mister mykje kompetanse om folk sluttar, og det er vesentleg for oss her i regionen å halde på denne kompetansen.

Regjeringa innførte nye permitteringsreglar i fjor sommar, med utvida permitteringstid, etter ønskje frå bransjen og frå fagforeiningane. Denne ordninga ønskjer dei to toppane å behalde.