Det er målet til Svein Gjelseth, som er tilsett som utviklingsnavigatør i Vanylven Utvikling, skriv Nett.no

I førre veke kom offshorskipet “Olympic Zeus” til Herøy med eit fullskala  testanlegg til eit bølgekraftverk frå selskapet Waves4Power ombord. Anlegget skal prøvast ut ved Runde.

Går alt etter planen vonar Gjelseth at utstyr til fleire bølgekraftverk kan bli bygd i Vanylven, og skape liv i produksjonshallen på Fiskå som Ulstein Group avvikla drifta i tidleg i 2015.

Har kompetanse
– Det vart ein ekstremt dårleg start på dagen, sa Vanylvsordførar Jan Helgøy då meldinga om nedlegginga kom i fjor.

Det Gjelseth no jobbar for at at svenske Waves4Power skal velje Fiskå og Vanylven som produksjonsstad for bøyer til bølgjekraftverka selskapet vonar å slå gjennom i marknaden med.

Det er snakk om opptil 40 meter høge bøyer, som blir montert ståande i sjøen, og produserer straum ved hjelp av eit stempel som hentar ut energien når bøya går opp og ned med bølgjene.

– Vi har vore i kontakt med Waves4Power i lang tid. Dei har sett på desse lokala og meiner dei egnar seg godt for denne produksjonen, seier Gjelseth.

Testfiasko
Trass i at det er over eitt år sidan Ulstein melde at anlegget på Fiskå skulle leggast ned er det framleis god tilgang på folk som kan byggje store stålkonstruksjonar i Vanylven, i følgje Gjelseth.

Runde har blitt brukt som testområde for bølgjekraftverk tidlegare, med ringe hell.

Svenskane satsar på å bli dei første som lukkast.