Det er investorane Jan Kåre Pedersen og Atle Wigum som står bak satsinga på Stord, som vil gjere det mogleg å bruke biogass til oppvarming av heimar. Det skriv Sunnhordland.

Målet er å bli ferdig med anlegget allereie i 2018.

– Anlegget vil ha potensial for å produsera opp mot 100 GWh, seier Atle Wigum til Sunnhordland.

– Svært interessant

Jan Kåre Pedersen forklarar overfor Stord24 at dei har hatt ønske om å satse på biodrivstoff lenge, men at det er først den seinare tid at det har blitt mogleg å gjere butikk ut av det.

– Det som har vore utfordringa før er at kostnadane for teknologien har vore så høg, men no er det kome ny teknologi som gjer at konstnaden er lågare for å bygge, slik at det blir meir konkurransedyrktig pris.

Planen då dei kjøpte røyrnettet og LNG-stasjonen på Stord frå SKL var at dei ville satse vidare på utvikling av anlegget.

– I samband med kjøpet hadde me plan om å sjå på gjenbruk og grøn energi. Her kan det bli brukt alt frå møkk frå dyr til kloakk og slam som energikilde. Det er svært interessant for oss.

Første utbyggingsfase vil bestå av fem reaktorar, men anlegget er planlagt til 10 reaktorar. Det betyr ein energiproduksjon på om lag 100 gigawattimar. Planen er at ein av reaktorane vil bli nytta til forsking og utvikling for å finne den optimale energimengda.

Kan bli drivstoff

Hovudformålet er å nytte anlegget til biogass som oppvarming av hus, men Pedersen seier at det også kan bli aktuelt å bruke biogass som drivstoff. Noko som mellom anna kan vere aktuelt for bussar.

– Me har også planar om å gjere det flytande. Det gjer at me kan bruke det som drivstoff som ein kå kjøpt på tankstasjonar på Heiane. Viss fylket vil så er det iallfall tilgang.

Pedersen fortel at det vil vere snakk om eit lukka anlegg i ein hall på 1800-2000 kvadratmeter. Førebels er prosjektet i tidleg planleggingsfase. Det ligg ingen formell søknad inne hos kommunen, men Pedersen fortel at dei har vore i møte med rådmannen og avdøde ordførar Harry Herstad om planane.

– Me håper også me får ein god dialog med SIM, men det må koma fortløpande. Det viktige no er å finne teknologi som gjer at dette går an.