Ingen har så langt greidd å hente elektrisitet ut av bølgjene som rullar inn mot kysten.

Fakta

Stryvo Group

  • Metallindustriselskap med hovudkontor i Stryn, og dotterselskap i Florø, Bismo og Oslo
  • Etablerte seg i Vanylen i samband med bygging av bølgjekraftverk
  • Jostein Bøe er eigar og dagleg leiar.
  • Det største selskapet, Stryvo as i Stryn, hadde 50 millionar kroner i driftsinntekter og 35 tilsette i 2014.

Det eine forsøket etter det andre har brote saman og utstyret enda som vrakgods, men bøya som Waves4Power har hatt til testing ved Runde stått mot vinterstormane, seier Jostein Bøe i Stryvo Group.

Nyleg skreiv han under leigeavtale med Vanylven kommuen om bruk av verkstadhallen på Fiskå, der det  fram til i fjor vinter vart bygd seksjonar for Ulstein Verft.

Start neste år

I løpet av sommaren skal bøya testast vidare, mellom anna for å kartlegge at den kan levere straum til straumnettet.

Mindre prototypar og tidlegare testar har gitt positive svar, men det gjenstår å vise at også ei bøye i full skala kan lever straum.

Svaret på testinga vil vere klart i løpet av august. Er resultatet positivt vonar Bøe at det er råd å få seld dei første bøyene før året er omme og starte produksjon i verkstadhallen i Vanylven i første kvartal neste år.

Svensk satsing

Det er det svenske selskapet Waves4Power som har utvikla bølgekraftverket saman med fleire partnarar.

Hovudkomponenten er ei over 40 meter høg sylinderforma bøye som står rett opp og ned i sjøen, forankra til havbotnen.

Les meir om korleis anlegget skal produsere kraft her

Lokale partnarar

Stryvo Group er partnar på produksjonssida, og har selskap av fleire lokale berdrfiter i prosjektet:

Tussa bidreg mellom anna med transformatorstasjon på Remøya og kabel ut til sjøanlegget.

Den produserte straumen skal også ut på Tussa-nettet.

Olympic er inne på logistikksida, mellom anna for utvikling av teknologi til å frakte og å setje ut anlegga, medan Runde Miljøsenter gjere miljøanalyser, samlar inn data og har det daglege tilsynet ved anlegget.

28 arbeidsplassar

Ulstein Verft hadde 28 tilsette i Vanylven då produksjonen vart lagt ned i fjor og over 100 på topp.

Jostein Bøe er varsam med å anslå kor mange arbeidsplassar det kan bli i Vanylven dersom bølgekraftanlegget slår an. Han anslår at det må ei sal av fem til ti anlegg for å kome i gang.

Deretter kjem talet på arbeidsplassar an på etterspørselen, valet av materiale som skal brukast og i om anlegget i Vanylven blir eit reindyrka monteringsanlegg eller også eit produksjonsanlegg for komponentar.