I første omgang vert det gjort testforsøk i regi av franske Alstom gjennom sitt tyske dotterselskap Alstom Germany. Alstom er ein av verdas leiande aktørar innanfor togteknologi, skriv nett.no.

Fakta

Hexagon

  • Børsnotert selskap med hovedkontor i Ålesund.
  • Utvikler og produserer komposittbeholdere for lagring og transport av ulike gasser under trykk.
  • Selskapet har produksjon i Russland, Norge (Raufoss) og USA.

I ei pressemelding frå Hexagon vert det opplyst at det første toget har vorte lasta med hydrogen, der det er brukt Hexagon sine gass-behaldarar. Testen med togsettet vart gjort på Alstom si eiga testbane, men no skal det gjerast nye forsøk på eksterne togbaner.

Leveransane frå Hexagon skjer gjennom selskapet sitt tyske dotterselskap xperion, eit selskap Hexagon kjøpte i fjor haust.

Strategisk samarbeide

xperion-direktør Thorsten Weber har tru på satsinga.

– Denne nysatsinga fører til at regionaltog kan køyre på toglinjer utan å ha leidningar over toga. Toga har også nullutslepp og køyrer stille.

Hexagon opplyser at samarbeidet med Alstom er eit strategisk samarbeide med mål om at Hexagon Composites skal kome sterkare inn i togmarknaden.

Hittil har Hexagon sine høgtrykksbehaldarar vorte brukte i passasjerbilar, større bilar og transportsystem, samt i den maritime industrien.