Tusenvis av meter med rør har vore produserte på Vigra på Sunnmøre sidan oppstarten i 2008. Jan Roger Moksnes, som er kommunikasjonssjef ved Subsea7 sitt hovudkontor i Stavanger, fortel at det er 26 kilometer produksjonsrørleidning til Wintershall Maria som skal produserast denne sesongen.

Maria-feltet, som ligg i Norskehavet 45 kilometer sør for Heidrun, er Wintershall si første undervassutbygging. Røra som blir produserte på Vigra skal knyte Maria saman med produksjonsplattformene Kristin, Heidrun og Åsgard B.

Fakta

FAKTA

  • Maria-feltet ligger på 300 meters dyp på Haltenterrassen i Norskehavet.
  • Wintershall er operatør for Maria-feltet, med en eierandel på 50 prosent. Petoro har 30 prosent og Centrica Resources (Norge) eier de resterende 20 prosentene.
  • Den valgte utbyggingsløsningen for feltet er et produksjonsanlegg på havbunnen tilknyttet flere vertsplattformer i Norskehavet.
  • Investeringene i Maria, inkludert brønner, er beregnet til rundt 15,3 milliarder kroner.

Maria-feltet er estimert til å innehalde 180 millionar fat utvinnbar olje.

Hektisk for Busengdal
For Busengdal transport, som har oppdraget med all handtering av rør på Vigra-basen, er gjenoppstarten eit ekstra positivt bidrag til drifta i ein frå før hektisk periode med mange anlegg i sving.

– Alt i alt må vi ha rundt tretti personar tilgjengeleg der ute på basen, fordelt på to skift, fortel dagleg leiar Rolf Anders Håberg til Nett.no.

Drift fram til 17. mai
Nokre personar har allereie vore i sving ei tid med mottak av rør. No har sjølve rørproduksjonen starta, og fram til midten av mars vil der vere full produksjon ved basen. Deretter blir det ein kortvarig stans fram til spolinga startar i april og vil pågå fram til 17. mai. Då blir det slutt på Vigra for denne gongen.