– Marknaden spør etter miljøvenleg og berekraftig produksjon av fisk, seier Martin Ramsdal, ein av dei to partnarane i oppdrettsselskapet Nekst til Bergens Tidende.

Selskapet, med kontor i Florø, meiner dei har funne løysinga på fleire av dagens utfordringar med lus og rømming i norske oppdrettsanlegg.

– Dette er framtidas havbruksnæring. Ved å halde fisken lenger i landbaserte anlegg, får fisken ei kortare driftstid i sjøen – under seks månadar, seier Ramsdal.

Gigantanlegg på land

Løysinga går ut på at laksesmolten skal vekse til heile 2,7 kilo i landanlegga, før dei blir sette ut i sjøen.

– Ved å ha laksen på land så lenge, unngår ein og lus og problem med laks som rømmer. Størrelsen på fisken gjer den òg meir robust for å tole offshoremerdane. Det planlagde landanlegget skal òg resirkulere vatn og lage biodiesel av avfallet frå fisken, forklarer Nekst-partnar Kjell Audun Aasen.

Landanlegget i Florø.

Gigantanlegget, som skal byggjast aust for baseområdet i Florø, har allereie fått tildelt konsesjon. Oppdrettsanlegget har ein planlagd produksjon på 20 millionar «storsmolt» som svarar til ein totalkapasitet på 20.000 tonn. Den estimerte investeringa er to milliardar kroner.

– Anlegget skal byggjast trinnvis etter som fisken veks. Den innkorta produksjonstida betyr mindre avlusing, mindre sjukdom, betre inntening og auka økologisk berekraft, seier Aasen.

Havliljer utan lus

Prosjektet står og fell på om fiskeridirektoratet godkjenner Nekst sine havmerdar. Nekst har søkt om heile 16 konsesjonar, eller løyve, som skal resultere i fleire undersjøiske havmerdar lokalisert utanfor Solund.

– Vi har kalla dei «Havliljer». Merdane har dobbel not og skal senkast 15–20 meter under vatn, slik at verken storm eller bølgjer påverkar rømming. Dette er også under lusebeltet, der mørket gjer at lusa ikkje trivst, forklarar Ramsdal.

På denne måten meiner selskapet at dei kan unngå all bruk for kjemikaliar.

Tungvektarar med på laget

Fram til i vår har prosjektet vore eigenfinansiert med hjelp frå Innovasjon Norge. Men i april kom nyheita om at selskapet hadde sikra seg to europeiske tungvektarar som investorar.

Merdane, eller liljene, har dobbel not og skal senkast 15–20 meter under havoverflata.

– Vi har underteikna ein intensjonsavtale med to europeiske selskap som ønskjer å vere med på både landanlegg og merdar. Det eine selskapet er ein matvareprodusent og den andre ei ledande europeisk konsumentkjede, seier Aasen.

Han vil ikkje røpe kven dei to investorane er, då eitt av dei to selskapa er børsnotert.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, er eitt av selskapa det polske fiskeforedlingsselskapet Graal. Det andre er ei portugisisk daglegvarekjede som finst i heile Europa.

Legg vekt på teknologi

Per i dag ligg det 41 ubehandla søknadar om utviklingskonsesjonar hos Fiskeridirektoratet. 15 har allereie fått avslag, tre har fått grønt lys.

– Dette er eit prøveprosjekt over to år. Søknadane vurderast etter laksetildelingsforskrifta. Målet er å kome opp med teknologiske løysingar som også kan gi vinst i relasjon til blant anna dagens lus- og arealproblem, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, Anne Osland.

Utviklingsløyva kan på sikt blir til vanlege laksekonsesjonar, til den nette sum av 10 millionar, dersom prosjekta når målkriteria.