– Når vil du seie de fekk gjennombrotet i yngelproduksjonen?

– I 2015.

– Når starta de med dette?

– I 1988.

Stabukkar

Bjørn Ove Stokseth og brørne Leif Ole og Arild tilfredsstiller truleg mange definisjonar av stabukk etter sitt langvarige arbeid for å lukkast i få til yngelproduksjon av kveite. Dei har vore med sidan starten, og i 2013 kjøpte dei og ut Gunnar Skorpen i GS Marine, som var ein viktig partnar i utviklinga av selskapet som ligg i Møre og Romsdal.

 Kveiteoppdrett er ein del av oppdrettsnæringa der biologiske utfordringar har ført til store avskallingar undervegs.

Det var først i 2015 Sande Seafood Production tok til å tilsette folk. I dag har selskapet tre på lønningslista, men før 2015 vart alt arbeid gjort på fritida.

– I dag er etterspørselen etter kveiteyngel stigande og interessa for å etablere fleire matfiskanlegg så stor at det er grunnlag for å vekse vidare, seier Bjørn Ove Stokseth til Nett.no.

Rogn som blir klekt i februar-mai er klare for sal som 20 grams settefisk i januar-juni året etter.

Rogn som blir klekt i februar-mai er klare for sal som 20 grams settefisk i januar-juni året etter.

20-25 millionar

Medrekna arbeidsinnsatsen anslår Stokseth at dei har investert 20-25 millionar kroner i anlegg og produksjon.

Bedrifta held til ytterst i Gjerdsvika i Sande kommune. Her hentar dei vatn frå 150 meters djup, filtrerer og rensar det i eit eigenutvikla anlegg før det krystallklare vatnet blir brukt i produksjonen.

I 2013 sette dei i gang eit FOU-prosjekt med støtte frå Innovasjon Norge. Målet med prosjektet var å få til økt overleving i startforingsfasen.

Fakta
  • Kveiteyngel-oppdrettar Sande Seafood Production er eigd av brørne Leif Ole, Bjørn Ove og Arild Stokseth.
  • I fjor selde dei for 6,9 millionar kroner, ein auke frå 2,8 millionar kroner i 2015.
  • Bedrifta held til  i Gjerdsvika i Sande kommune i Møre og Romsdal.

 

Mykje av forklaringa på gjennombrotet i 2015 ligg her.

Høg vasskvalitet, bedre hygieniske forhold i produksjonen og utvikling av tekniske løysingar som både sparer arbeid og reduserer bakterievekst og smittefare er nøkkelord i denne samanhengen.

No er bygginga av ein ny pumpestasjon, som vil auke vassforsyningskapasieten betydeleg, i sluttfasen. Også her har Innovasjon Norge vore ein viktig medspelar, seier Stokseth.

Ved sidan av er det planert plass til fleire kar som skal romme fisken fram til den er klar til å bli sendt til matfiskanlegga. Neste steg er eit framtidig bygg som skal erstatte bruken av private bygg   –  og romme produksjonen frå stamfisk/rogn til startforingsklare kveitelarvar.

 Kveite i slaktestørrelse som er plukka ut til å bli stamfisk til framtidige generasjonar kveiteyngel.

Kveite i slaktestørrelse som er plukka ut til å bli stamfisk til framtidige generasjonar kveiteyngel.

Matfiskoppdrett

I dag er det fire kveiteoppdrettarar att i Noreg og Sande Seafarm Productions leverer pr. i dag til ein av dei, Sogn Aqua.

Blant dei som har kasta korta er Marine Harvest, som tidlegare mellom anna dreiv kveiteproduksjon på Eggesbøneset i Herøy.

 – Ved ei eventuell framtidig etablering av eit nytt anlegg for matfiskproduksjon i Møre og Romsdal kan det vere aktuelt for Sande Seafarm Productions å gå inn på eigarsida   –  i allianse med andre selskap. Selskapet vil då først og fremst bli leverandør til eige anlegg i tillegg til anlegget i Sogn, seier Stokseth.