– Dette er enormt viktig for oss

Klubbleiar Amram Hadida ved Kværner Stord stadfestar at gleda og optimismen no er tilbake blant dei industritilsette.

OLJE OG ENERGI 17.03.2017 09:26 Av Jonas Sætre, Stord 24
 

I dag vart det kjent at Kværner er tildelt gigantkontrakten på 5 milliardar kroner for oppgradering av Njord-plattformen, noko som sikrar 3000 årsverk.

Klubbleiar ved Kværner Stord, Amram Hadida, har no heist flagget til topps ved klubbhuset, skriv Stord24.

– Det er ein gledens dag først og fremst for Kværner på Stord, for Stord-samfunnet og for regionen Sunnhordland. Og ikkje minst for heile Noreg og for heile leverandørbransjen.

– Skal det feirast i dag?

– Dette skal me sjølvsagt feire. Kontrakten gir optimisme lokalt i samfunnet. Det er også ein gledens dag sidan me har bygd plattforma på Stord, og no kjem den tilbake for å bli oppgradert, og skal fortsette å utvinne olje til 2030.

– Dette er den største kontrakten me har fått dei siste åra, og det er ei stadfesting på det harde arbeidet som er lagt ned i samband med effektivisering og å gjere oss konkurransedyktig overfor konkurrentane i Asia, seier Hadida.

– Kan ikkje ta noko for gitt

Hadida fortel at dette ikkje var forventa, trass i at Kværner hadde rammeavtale på plattformen.

– Me visste ingenting om dette. Me kan ikkje ta noko for gitt i dagens marknad, og må jobbe knallhardt for å vinne desse kontraktane overfor konkurrentane.

Klubbleiaren er klar på at sjølv om det no skal feirast, må fokuset framover ligge på å levere eit så bra produkt som mogleg.

– Me skal klare å levere dette til avtala tid og til god kvalitet. Ein kvar ny plattform er ei ny utfordring for oss. Det vert kjempeviktig for oss å gjere ein god jobb, seier Hadida.