No er dette skipet snart klart for nye seismikkoppdrag

Remøy Shipping er no i ferd med å fylle opp med mannskap. To nordmenn skal jobbe om bord.

MARITIM 16.02.2017 12:35 Av Kjetil Haanes, Nett.no
 

Seismikkskipet Neptune Naiad er løyst frå kaia på Moltu. Første stopp var Myklebust Verft, før vidare tur til Asia.

– Det er mykje som må gjerast når eit skip har lege så lenge i opplag, seier administrerande direktør Karsten Sævik i Fosnavåg-baserte Remøy Shipping til Nett.no.

Selskapet har driftsansvaret på skipet, og har også gått inn med ti prosent eigarskap i det nystarta seismikkselskapet Axxis Geo Solutions. Andre sentrale aktørar er Jogeir Romestrand, Bjarte Bruheim og Arne Blystad.

Klassing

Neptune Naiad har lege i opplag i to og eit halvt år, dei siste 25 månadene på Moltustranda i Herøy.

No er første stopp Myklebust Verft i Gursken, der ein mellom anna må gjennom klassing.

– Skipet må sertifiserast på nytt, og vi må vise at skipet er klart til nye oppdrag, seier Sævik.

Få nordmenn

Remøy Shipping er no i ferd med å fylle opp med mannskap, fordelt på to skift.

– Det ser ut til å verte berre to nordmenn, i alle fall i første omgang når vi berre har sikkerheitsbemanning, seier Remøy.

Han opplyser at neste mål er å gå til Singapore.

– Mellom anna konkurrerer vi om oppdrag utanfor Indonesia, seier han.

Nodeseismikk

Det nystarta selskapet vil mellom anna tilby nodeseismikk, der eit stort antal noder lagde i geometriske mønster på sjøbotnen, og der kvar node har ein sensor og utstyr for å sende data til moderfartøyet.

Teknikken gir betre seismiske data enn ved tradisjonell seismikk gjennom slepekablar.