Ny sjef i Salmon Group

Anne-Kristine Øen tiltrer 1. mai.

PRESSEMELDING 06.02.2017 14:27
 

Salmon Group er svært nøgde med å kunne presentere Anne-Kristine Øen som vår nye administrerande direktør. Ho vil tiltre stillinga 1. mai.

– Vi har hatt ein god og grundig prosess fram mot denne avgjerda, og er svært nøgde med at Anne-Kristine har takka ja til oppgåva, seier styreleiar Erik Osland i ei pressemelding.

Ho har lang og brei erfaring både frå næringa og med nettverksarbeid, og kjem frå stillinga som leiar for Maritimt Forum Bergen. Før det var ho kommunikasjonssjef i Marine Harvest.

– Styret i Salmon Group har vektlagt Anne-Kristine Øen sin entusiasme, kunnskap og erfaring når vi har valt ho som vår neste leiar. Vi er trygge på at ho blir godt motteken av aksjonærane i netverket, seier Osland.