SEVI Group AS etablerer seg i Ulsteinvik

SEVI Group AS ekspanderer, og etablerer hovudkontor i Borgstein sine lokale på Stålhaugen i Ulsteinvik.

PRESSEMELDING 13.01.2017 14:48
 

SEVI Group AS ekspanderar ved å overta Seastate 7 AS, og samlar utvikling, marknadsføring-, og salsaktivitet i sitt nye hovudkontor i Ulsteinvik, melder selskapet.

SEVI Group AS eig selskapa SEVI BLUE POWER AS, SEVI AS og SEASTATE 7 AS.

SEVI AS vil fortsette sin aktivitet innan service og produksjon for maritim industri, på Mjølstadneset. SEVI er involvert i fleire spennande prosjekt både innan segmenta havbruk, fiskeri og transport, med utvikling av energieffektive løysingar. SEVI as byggjer vidare på sin kompetanse innan automasjon, dieselmotorar, tavlesystem og generatorar.

SEASTATE 7 AS har sidan etableringa i 2014, drive fram fleire utviklingsprosjekt der miljø og effektivitet er i fokus. Ingeniørverksemda har utvikla og patentert MPD™, ei botnluke som ved implementering i skip vil spare miljøet for store utslepp i form av redusert drivstoff -forbruk på offshore- og spesial farty rundt om i verda.