Starta nytt selskap midt i nedturen

Bjørn Nogva tok sats og etablerte Ulla Maritime i januar i fjor. – Dersom ein klarer å etablere seg i nedgangstider, viser det eit produkt som har livets rett, seier han.

MARITIM 02.01.2017 10:04 Av Kristin Vidhammer, Nett.no
 

Ulla Maritime leverer kompakte plassinnsparande teleskopiske gangveg-system til skip, og Nogva har stor tru på produktløysingane.

Bjørn Nogva. Foto: Kristin Vidhammer

Bjørn Nogva. Foto: Kristin Vidhammer

– Eg gjekk frå ein fast jobb for å satse på dette her, og eg gjekk inn i denne marknaden med vidopne auger. Eg har god tru og gode forventningar til særleg skip til skip-system. Her er det ein global marknad eg gjerne vil ta del i utviklinga av, seier Nogva til Nett.no.

Kjøpte ut rettane

Då hans tidlegare arbeidsgjevar skulle restrukturere konsernet og legge ned nokre produktområde, nytta Nogva høvet til å kjøpe ut rettane til ein portefølje gangveg-løysingar. Som sals- og marknadssjef hos den tidligare arbeidsgivaren, hadde han sett at det var ein marknad for denne typen utstyr.

Utviklinga av løysingane hadde pågått nokre år og produkta var etablert i marknaden.

– Eg såg ei moglegheit til å gjere det, og den moglegheita greip eg med begge hender. Eg starta derfor for meg sjølv for å vidareutvikle produktportefølgjen og marknaden, og eg trur det var rett tidspunkt.

– Klarer ein seg over kneika som den maritime næringa no er inne i, er ein godt posisjonert når oppgangen kjem, seier Nogva.

Ikkje i direkte konkurranse

Ifølgje Nogva er gangveg-løysingane svært kompakte og plassinnsparande både inne i skipet, og ute på skutesida. Løysingane dekker både gangbru frå skip til kai og mellom to skip til sjøs. Bruene er hydraulisk drivne.

–  For eit skip som ikkje kan avbryte operasjonen, har dei i dag gjerne brukt helikopter når mannskap skal om bord eller heim. No kan ein legge ut gangveg mellom to skip i staden, og det er ein kostnadsbesparande, effektiv, påliteleg og ikkje minst sikker måte å gjere eit mannskapsskifte på.

Løysingane er ikkje i konkurranse med dei store bevegelseskompenserte gangvegsystema.

– Mine produkt er mindre, billegare og dekker eit anna behov. Dei er ikkje i direkte konkurranse med, og skil seg frå løysingane som andre kjende leverandørar har, seier Nogva.

– Offshore-næringa har sine utfordringar, men eg jobbar no med interessante kundar og marknader innan både offshore, shipping og marinen, for å nemne noko.

Samarbeid

Eit lite oppstartsselskap kan ikkje tilsette folk i alle funksjonar, difor har Nogva vald å knytte til seg samarbeidspartnarar innan fleire område. Han leiger inn tenester knytt til økonomi, produktutvikling, engineering, produksjon og montering.

– Slik kan eg fokusere på marknadsutvikling og sal, som er det eg ønsker å fokusere på. Eg har også etablert samarbeid med partnarar og agentar i marknadar og regionar som eg ikkje kan handtere aleine.

Produksjonspartnaren er ein etablert norsk aktør med produksjon i Baltikum. Partnaren innan engineering og utvikling er ein lokal norsk aktør.

– Ulla Maritime er under utvikling, og målet er fleire tilsette i løpet av nokre år.

For tidleg å seie korleis veksten blir

Kundane er først og fremst skipsverft over heile verda. Men skipsdesignarar, som teiknar nye produktløysingar inn i sine design, spelar ei stor og viktig rolle.

–  Når det gjeld omsetning framover, er det for tidleg å anslå når veksten kjem og kor stor omsetninga kan bli. Men det er ein meir positiv trend i marknaden no i haust enn det var før sommaren.