Fritidsprosjekt til 60 millionar

Gründerene Erik Juelsen og Arve Støhle kan feire over 100 selde frysarar til fiskebåtar. No siktar dei mot Russland.

HAVBRUK 02.12.2016 07:58 Av Ogne Øyehaug, Nett.no
 

Ideen er eit fritidsprosjekt som dei har arbeidd med heilt sidan 1999, skriv Nett.no. Støhle som fiskar og Juelsen som teknisk inspektør såg begge det same problemet, det tunge og tidkrevjande arbeidet med å ta frosne fiskeblokker ut av fryseanlegget ombord i båtane før pakking. Det er snakk om blokker på opptil 50 kilo, så sjølv litt handtering er ei stor påkjenning i det lange løp. Dessutan er fart eit stort poeng, ein fiskebåt må få fangsten frosen fort for å hindre av kvaliteten blir svekka.

No er dei på besøk i trålaren “Havstrand”, med seniorreiar Ole Strand ombord. Det var Strand som tok beslutninga om å satse på ideen til Juelsen og Støhle, og salet blei det kommersielle gjennombrotet. Frå før hadde dei fått laga ein prototype og nokre få mindre anlegg. Når nye “Havstrand” dro ut på sin første fisketur i 2013 var det alvor.

Ser mot Russland

I dag har dei passert 100 frysarar, fordelt på 13 farty, først og fremst til norske. Juelsen anslår at det er snakk om kontrakter for over 60 millionar kroner. Å lukkast i Noreg opnar for eksport. Mykje av teknologiutviklinga i fiskeri skjer i Noreg, og sprer seg herifrå ut i verda.

 – Det som skjer i Noreg det blir eksportert, seier Juelsen til Nett.no.

Nett no er det Russland som er mest interessant. Russiske reirarlag arbeidet med eit stor fornying av trålarflåten..

Juelsen seier det er tilbod ute på 70 frysarar og at det er svært truleg at ein betydleg andel av tilboda endar opp med kontrakt.

På fritida

Juelsen og Støhle har vore i arbeid medan dei har utvikla fryseanlegget på fritida. Støhle seglar på ein Farstadbåt, Juelsen er teknisk inspektør i eit reiarlag.

For å reise nok kapital til utviklingsarbeidet gjekk dei i 2005 i kompaniskap med ein investor, og skipa Inno-Freeze, som sit med rettane til produktet. Juelsen og Støhle eig 25,5 prosent av aksjane kvar.

Etter nei i Noreg gjekk dei til Danmark for å finne produsentar som ville satse på ideen.

Dybvad Stål Industri og Intech International lagar kvar sin del av anlegget. Dybvad Stål International er stor platefrysarprodusent, utstyrsprodusenten Intech International lagar resten av anlegget og sit også med sals- og produksjonsrettane til ideen.

Mange justeringar

Sjølv om Inno-Freeze også er involvert i sal og marknadsføring er det først og fremst eit selskap som forvaltar rettane til ideen. Inntektene er royalties, som svingar med salet (sjå tabell).

I tillegg er det Inno-Freeze som sit med rettane til vidareutviklinga av produktet. Så langt er det gjort omlag 40 justeringar sidan starten, og mange av dei er patentert seier Juelsen.

Årsregnskap Inno-Freeze AS, tal i millioner kroner:

20152014
Driftsinntekter1,20,2
Driftsresultat1,10,1
Res. før skatt1,10,1