Båten var for liten til at rekefisket lønte seg

Reketrålaren Kvalstein har vore ute på sin siste tur for dei noverande eigarane. Dermed blei det ei kortvarig rekesatsing for Måløy-reiarlaget Torbas.

HAVBRUK 29.11.2016 11:25 Av Jann Flatval, Nett.no
 

– Økonomien i rekefisket har teke seg betydeleg opp den seinare tida. Difor meiner vi det er interessant å satse på reke no.

Det sa Per Jan Kvalsvik til Nett.no for vel eit år sidan. No må han berre konstatere at rekesatsinga ikkje gjekk heilt som forventa.

Pris er ikkje alt

Gode prisar er ikkje det einaste som skal til for å lukkast i eit så krevjande fiskeri som reketråling i dei nordlege havområda. Det har Torbas-selskapet fått erfare etter at dei i fjor bestemte seg for å vekke til live ein rekekonsesjon dei i lengre tid hadde hatt liggande i dvale.

Like viktig er det å ha ein velfungerande båt, og det var her det butta imot for måløyværingane som kjøpte ein godt brukt frysetrålar frå Prestfjord Havfiske i Nordland og sende den på reketråling i Barentshavet etter ei nødvendig oppgradering, skriv Nett.no.

Alt blei for lite

Erfaringane dei har gjort seg etter eit litt trøblete år er at den tjue år gamle frysetrålaren ikkje var rette båten å satse på til rekefiske ved Svalbard. Båten blei kort og godt for liten, i tillegg til at dei òg har vore plaga med ein del småhavari.

– Det gjekk for så vidt greitt, men alt viste seg å vere for lite. Det gjeld ikkje minst bunkerskapasiteten, seier Kvalsvik.

Han eig 20 prosent av Torbas saman med faren og ein bror.

Russiske kjøparar

Kvalstein lossa siste rekefangsten for ei tid sidan og ligg no i Tromsø i påvente av at dei russiske kjøparane skal kome og hente båten. Ifølgje Kvalsvik er det gjort ein avtale om salg, men der er nokre atterhald som må lettast før den formelle overtakinga kan finne stad.

– Båten var i utgangspunktet ikkje lagt ut for salg, men så kom det nokre russarar og ville kjøpe den. Prisen dei baud gjorde at vi valde denne løysinga, seier Kvalsvik.

Beheld konsesjonen

Om dei vil prøve på reke seinare igjen, kan Kvalsvik ikkje svare på.

– Vi kjem til å behalde konsesjonen, men utover det har vi ingen konkrete planar, seier han.