Håpar ny eigar kan gi vekst

Knappe to år etter førre eigarskifte er det på an igjen for dei tilsette hos fiskolje-produsenten i Brattvåg i Møre og Romsdal.

HAVBRUK 18.10.2016 14:29 Av Ogne Øyehaug, Nett.no
 

Vinteren 2015 tok storkunden Marine Ingredients over fiskeolje-fabrikken i Brattvåg etter det internasjonale BASF-konsernet.

No slår amerikanske Marine Ingredients seg saman med tyske KD Pharma. Det fusjonerte selskapet blir den nye eigaren av dotterselskapet og anlegget i Brattvåg, skriv avisa Nordre.

Selskapet blir eitt av dei største i verda i omega 3-marknaden.

Vil sprenge kapasiteten

Dagleg leiar Sveinung Hellem i Marine Ingredients as seier til Nett.no at han vonar fusjonen skal gi meir å gjere i Brattvåg, så mykje at kapasiteten blir sprengt og selskapet må investere i auka kapasitet.

KD Pharma lagar mellom anna medisinske produkt der omega 3 er ein del av innhaldet, men har og satsa på kosttilskotsmarknaden, der Marine Ingredients allereie er ein stor aktør.

KD Pharma er allereie kjøpar fiskolje frå Brattvåg, og samanslåinga vil gjere at leveransane for Brattvåg vil auke, håpar Hellem.

Fakta

  • Marine Ingredients har spesialisert seg på omega 3-produkt, mellom anna i kapslar, til amerikanske forbrukarar. Hovudkontoret er i Mount Bethelvest for New York.
  • Firmaet har vore i omega 3-bransjen sidan 1984.
  • KD Pharma er eit privateigd tysk selskap grunnlagt i 1988 og i omega 3-bransjen sidan 1990.

48 tilsette

Fabrikken i Brattvåg har i dag 48 tilsette og foredlar fiskeolje for direktesal til forbrukarar eller til vidaresal for andre, som foredlar oljen enda eit hakk, slik KD Pharma gjer.

Selskapet hadde 129 millionar kroner i driftsinntekter og eit underskot før skatt på 7,4 millionar kroner i fjor.

Eigaren bak Marine Ingredients-konsernet er Olav Sandnes, utflytt nordmann som bur i USA.

Flere i bedriften som leser Sysla? Alle som leser mer enn et par saker i uken vil snart måtte betale for tilgang til innholdet vårt. Hvis du ønsker et gunstig tilbud på bedriftsabonnement på Sysla så send oss en epost.