Fiska for 27 millionar på ei veke

Herøy-båten Eros tok heile makrellkvoten på fire kast. Mannskapet kan no innkassere over 500.000 kroner kvar.

HAVBRUK 15.10.2016 16:21 Av Kjetil Haanes, nett.no
 

– Eg har drive med fiskeri i 25 år, men aldri vore med på så effektivt fiskeri, seier skipper Pål Cato Reite til nett.no som omtalte saka for ei veke sidan.

Det tok berre sju dagar frå Eros tok om bord nota til heile kvoten på 2.200 tonn var levert.

– Makrellen har vore lett tilgjengeleg, og det har vore fint vêr. Det er ikkje berre vi som har hatt eit effektivt fiske, seier Reite.

To av makrellfangstane vart leverte hos Brødrene Sperre på Ellingsøya utenfor Ålesund, ein på Fiskerstranda og ein i Skudeneshavn.

– Vi har brukt ein del tid på lossing og køyring til mottaka. På feltet har vi brukt veldig lita tid, seier Reite.

Halv million i vekeslott

For mannskapet på ti vart det ei lukrativ veke. Ein snittpris på rundt 13 kroner kiloen, gir mannskapet ein vekeslott på over 500.000 kroner på kvar.

Reite seier at ein må hugse på at makrellfisket utgjer halve årsinntekta.

– Akkurat no er det voldsomt kjekt å vere fiskar, men det har ikkje alltid vore slik.

Mannskapet har vore stabilt i mange år.

– Det er ikkje mange som vil skifte slik situasjonen er no.

Makrellen vart tatt i Norskehavet, 100 til 150 mil vest av Runde.

Ventar på silda

Reite seier at ein var så kort tid på feltet at ein ikkje fekk eit godt nok overblikk over kor mykje makrell det var på feltet.

– Men for oss var det i alle fall lett å finne det vi hadde lov å fiske.

No vert det ein liten pause før det vert sildefiske. Eros har kvote på 1.200 tonn NVG-sild. I tillegg har ein att litt av kvoten av Nordsjøsild.

– Mange av mottaka er opptatt med mottak av makrell. Planen vår er å vente litt med å ta silda, slik at mottaka gjer seg ferdig med makrellen og får meir fokus på sild.