Klarar å varsle lus på fisk

PRESSEMELDING 12.10.2016 12:52
 

Forskarar ved Havforskingsinstituttet har tetta eit av dei viktigaste kunnskapshòla når det gjeld å vise kva område som har mykje lakselus. Ein nyleg publisert artikkel viser at tilnærminga er treffsikker og gir godt samsvar med 89 % av observasjonane frå Hardangerfjorden i 2015.

Formålet med arbeidet har vore å kunne avdekke kva område som har hatt så høgt smittepress at det kan gå utover dei ville bestandane av laks og aure, fortel Anne Sandvik, som er forskar ved Havforskingsinstituttet og ein av forfattarane av publikasjonen Toward a model-based prediction system for salmon lice infestation pressure.  Neste ledd i arbeidet vil konsentrere seg om kvar den ville fisken oppheld seg til ei kvar tid, og i kva grad dette fell saman med  dei områda som har hatt høgt smittepress.

Samanlikna resultat frå modell og feltarbeid

For å berekne kvar lakselusa er, nyttar forskarane ein kombinasjon av mange modellar. Grunnsteinen i dette modellsystemet er straummodellen som viser korleis vatnet beveger seg i fjordane og langs kysten. Desse resultata vert brukte saman med mellom anna berekna mengde klekte egg  og kunnskap om lakselusa sin biologi i spreiingsmodellen som viser tetthet av lakselus langs kysten.

I den nye artikkelen har forskarane først vist at det er godt samsvar mellom observert og berekna mengde lakselus i Hardangerfjorden for åra 2012 til 2015. Vidare har dei, basert på modellresultat og feltdata for tre år (2012 til 2014), utvikla ein metode som fortel i kva område det har vore så mykje lus at ein vill fisk truleg ikkje ville ha overlevd. For å finne ut kor god metoden er, vart den til slutt testa mot observasjonar frå 2015.

– Resultatet viser at det er godt samsvar mellom observert og berekna mengde lakselus i Hardangerfjorden. For 2015 klarte modellen å berekne kvar det var ”mykje” eller ”lite” lakselus i 89 % av tilfella, seier Sandvik.

Sandvik presiserer at metoden kjem til å bli testa mot nye observasjonar frå Hardangerfjorden og andre delar av landet i tida framover, og at ny kunnskap vil bli inkludert etter kvart som den blir tilgjengeleg.

Brukar metodar frå vêrvarslinga

– Ser ein på eit satellittbilete som til dømes viser bløming av algar, er det tydeleg at plankton og andre organismar som driv med straumen slik som lakselus, fordeler seg flekkvis og kan variere mykje over korte avstandar på same måte som ein kan sjå nedbør variere ved hjelp av ein radar på www.yr.no, fortel Sandvik.

På grunn av likskapen mellom eit nedbørsfelt og eit lusefelt har forskarane nytta metodar som er utvikla for å synleggjere kvaliteten på nedbørsvarsla, til å synleggjere kvaliteten på dei lusemengdene som modellen bereknar.

Treng modellar for å dekke heile kysten

Lakselus på vill laksefisk vert overvaka gjennom eit nasjonalt overvakingsprogram leia av Havforskingsinstituttet. Som ein del av  denne overvakinga har Havforskingsinstituttet over fleire år sett ut smolt i små bur i Hardangerfjorden. Etter ei tid vert desse smoltbura tatt opp igjen, og forskarane registrerar kor mykje lus kvar smolt har fått på seg. I kvart bur er det ca. 30 laksesmolt. Posisjonar der ein i snitt finn meir enn 10 lus per fisk reknast som område med for høgt lusepress. Det er data frå desse smoltbura som er brukt i det nyleg publiserte arbeidet.

I tillegg til undersøkingar med smoltbur, blir det fanga vill laksesmolt om våren og sjøaure om sommaren på utvalde stadar langs heile kysten – alt som eit ledd i arbeidet med å finne ut kor mykje lus vill laksefisk får på seg.

-I praksis er det ikkje mogeleg å dekke heile kysten med feltarbeid, derfor starta vi arbeidet med å utvikle spreiingsmodellen for lakselus, som i år vert brukt aktivt i den nasjonale overvakinga for fyrste gong, seier Sandvik.

At modellen er tatt i bruk til dette formålet gjer også at kunnskapen aukar, og den blir fortløpande inkludert i arbeidet.