Milliardminus i skipsbygging

Norske skipsverft gjekk med nesten 1,6 milliardar kroner i minus i fjor.

MARITIM 10.10.2016 11:38 Av Ogne Øyehaug, Nett.no
 

Berre fem av verfta på Nett.no si oversikt betra lønsemda frå 2014 til 2015 (sjå tabell), og det samla resultatet før skatt gjekk frå pluss 293 millionar kroner i 2015 til minus 1.598 millionqr kroner i 2015.

I fjor, som året før, er det dei mindre og mellomstore verfta som gjer det best.

Store skilnadar

– Desse tala illustrerer det som allereie er kjent. Det er tildels dramatiske tal for dei store lokomotiva.

For dei små og mellomstore teiknar det seg eit mykje meir positivt bilete, seier Asle Strønen, administrerande direktør i sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. Han ventar at biletet for bransjen langt på veg blir det same i 2016 som i fjor.

Klikk her for å laste ned rekneskap for dei 19 verfta

Både resultattabellen og tabellen over resultatmarginen – som du kan lese i pc-og nettbrettformat -viser at det er store skilnadar mellom verfta. Gjennomsnittleg resultatmargin i fjor var minus 7,7 prosent.

Det er tilfeldigsvis akkurat nivået Kleven-konsernet enda på, medan både Ulstein Verft (berre verftet) og Vard (konsernet) gjorde det dårlegare enn snittet, skriv Nett.no.

I alt enda ni av 19 verft med underskot i 2015, mot fem av 19 i 2014.

Tap hos dei største

Den store skilnaden i 2015 samanlikna med 2014 er dei store underskota hos dei fire største, Vard, Kleven, Ulstein og Havyard.

Alle fire var tungt retta mot bygging av offshore-farty, og tre av dei har offshorefarty liggande som kjøparane ikkje ville eller kunne ta over likevel. Det er først og fremst Vard og Kleven har greidd å snu seg mot nye marknadar, men dei første svara på om det også sikrar lønsemd i selskapa vil først kome etterkvart som 2016-tala kjem på bordet.

Vard og Kleven har no omlag like stor ordrebok, og begge har greidd å auken den litt frå januar i år til utløpet av første halvår.

Verre i nordvest

Driftsinntektene til dei 19 verfta-selskap som er med i NETT NO si oversikt fall med nesten 20 prosent frå 2014 til 2015.

For verfta i Møre og Romsdal er fallet på heile 25 prosent i følgje analysen av den maritime klynga i fylket, som vart lagt fram på Klyngekonferansen i Ålesund fredag 30. september.

Det går også ut over bemmanninga, talet på tilsette på verfta i Møre og Romsdal har gått ned frå 3785 personar i 2014 til 3461 personar i 2015, ein nedgang på ni prosent.

Hurtigbåtverft på topp

På landsbasis er det Moen Marin Group som nådde den største lønsemda i fjor. Frå Nordvestlandet plasserer hurtigbåtverftet Brødrene Aa, reparasjons- og vedlikehaldsverftet Vegsund Slip og brønnbåtspesialisten Aas Mek. Verksted seg høgt oppe på lista,m sjølv om alle tre måtte tåle ein liten nedgang i lønsemda etter svært gode resultat i 2014.

Ved utløpet av juli hadde norske skipsverft inngått kontrakter for rundt seks milliardar kroner. I det reknestykket er mellom anna ikkje mindre arbeidsbåtar med. Samanlikna med same periode i 2015 er det omlag på line, men samanlikna med 2014 er det snakk om ei halvering av ordreinngangen.

Verft20152014
Moen Marine Group (K)7,84,3
Oma Baatbyggeri (K)7,71,5
Brødrene Aa (K)6,410,5
Vegsund Slip (K)6,411,2
Aas Mek. Verksted5,24,2
Fitjar Mek. Verksted5,24,2
Vaagland Båtbyggeri (K)4,2-7,7
Larsnes Mek. Verksted3,65,7
Stadyard1,95,2
Båtbygg0,00,5
Simek (K)-0,8-13,9
Fiskerstrand Verft-1,3-0,5
Solstrand Verft-3,91,8
Havyard Ship Technology-5,90,3
Kleven Maritime Holding (K)-7,71,5
Ulstein Verft-10,2-0,3
Vard Group (K)-10,81,8
Fjellstrand-15,7-2,6
Hellesøy Verft-100-3,1
SUM-7,71,1