Nesten 1400 maritime jobbar borte i Møre og Romsdal

Meir enn ein av ti maritime jobbar forsvann på Nordvestlandet i fjor.

MARITIM 09.10.2016 21:03 Av Ogne Øyehaug
 

Nesten 1400 jobbar blei borte i 2015, viser analyseselskapet Menon Business Economics sin ferske rapport om tilstanden i dei maritime bedriftene i Møre og Romsdal. Det vart 12 prosent færre jobbar i den maritime klynga i vestlandsfylket.

Både målt i driftsinntekter og arbeidsplassar er desse bedriftene den viktigast gruppa i næringslivet på Nordvestlandet, skriv Nett.no.

Rapporten vart lagt fram på Klyngekonferansen i Ålesund og teiknar eit dystert bilde av sysselsettingseffekten av oljenedturen, som først og fremst har råka bedriften i maritime bedrifter som er eller har vore retta mot oljenæringa.

Nedgangen i sysselsettinga i dei maritime bedriftene var på 7,8 prosent i fjor, og talet på tilsette i 2015 var 16.219 personar i 2015.

Færre sjøfolk

I 2014 var det offshorereiarlaga som sysselsette flest i den maritime klynga.

Etter ein nedgang på 12 prosent, til 4561 personar, er det no utstyrsprodusentane av maskiner, propellar ol. som er størst. Dei sysselsettar 4961 personer, etter ein nedgang på tre prosent i bemanninga frå 2014 til 2015.

Verfta hadde den største nedgangen i driftsinntekter ifjor, minus 25 prosent, men altså ikkje den største nedgangen i sysselsetting.

Hos verfta var det kutta ni prosent ifjor, til 3785 stillingar, medan servicebedriftene kutta sju prosent, til 3373 personar.

Tung klynge

Trass nedbemanningane er dei maritime bedriftene framleis den tyngste næringsklynga i Møre og Romsdal. Men den kan neppe rekne med å styrke seg i år. Erik Jakobsen i Menon Business Economics konkluderer med at klynga har fleire tøffe år føre seg.

Driftsinntektene går ned over heile fjøla og det gjer også lønsemda, som starta å falle i 2011, sjølv om veksten i driftsinntektene held fram til og med 2014.