Satsar på klippfisk, har utvida for 30 millionar

Mange har spådd at Kina ville konkurrere ut Norge på klippfisk. Men på Ellingsøya på Sunnmøre nektar dei å gi opp.

HAVBRUK 06.10.2016 12:56 Av Kjetil Haanes, Nett.no
 

– Ja, Kina er vår største konkurrent, men vi nektar å gi opp, og satsar no alt vi kan på å ta opp kampen med kinesiske produsentar.

Det seier dagleg leiar Jacob Høyberg i klippfiskprodusenten Jacob Bjørge til Nett.no.

Stor satsing
Selskapet tek i desse dagar i bruk 3.000 kvadratmeter nye lokale, i tillegg til ei heilt ny produksjonsline.

Ellingsoy'

Foto: Jacob Bjørge

– Dette har kosta oss rundt 30 millionar kroner. Det er vår største satsing i vår 80-årige historie, men vi gjer det fordi vi har tru på framtida, trass den bølgjedalen vi no er inne i.

Oppsparte midlar vert brukte til investeringa, i tillegg til støtte frå Innovasjon Norge.

Fiskarane leverer i utlandet
Satsinga kjem midt i ein periode der salet til hovudmarknaden Brasil har falle med 50 prosent.

I tillegg er det vanskeleg å få tak i råstoff frå norske båtar.

Høyberg meiner at det er noko feil med systemet når det er sterke restriksjonar på korleis norske fiskefartøy kan levere fangst i Norge, medan det så å seie er fritt fram å eksportere fangst direkte til utlandet.

– Mykje av torsken går rett til Storbritannia, spesielt med dagens kronekurs.

Kina-utfordring
Men hovudutfordringa er likevel at ei rekkje norske bedrifter har satsa på klippfiskproduksjon i Kina.

– Vi ønskjer ikkje å gå den vegen, der ein berre har eit frysehotell på land og sender fisken til Kina til vidareforedling.

– Vi ønskjer å skape aktivitet og arbeidsplassar i lokalsamfunnet.

Etterlyser politisk drahjelp
I fjor omsette selskapet for 123,3 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på 6,8 millionar kroner.

Med investeringa i nye lokale og ny produksjonsline trur Høyberg at ein skal klare å ta opp kampen om den kinesisk-produserte klippfisken.

–  Ja, vi er i alle fall godt motiverte til å ta opp den kampen.

Han etterlyser også betre drahjelp frå politikarane.

– Dette dreier seg mykje om vi skal ha produksjonsbedrifter i Norge eller ei.

– Etter mitt syn bør svaret på det vere eit klart ja, men det føreset at det også verte lagt betre til rette for dei som vil satse.