Fiska for ti millionar i eitt kast

Fiskebåten Smaragd fekk 770 tonn makrell på eit blunk.

HAVBRUK 29.09.2016 12:12 Av Kjetil Haanes, Camilla Aadland
 

– Det gjekk veldig greit. Ikkje noko problem, seier skipper Atle Honningsvåg til Nett.no.

Smaragd - FB

Her er det 770.000 kilo med makrell – i eitt kast. Foto: Smaragd

Smaragd leverte fangsten ved Pelagia i Selje forrige veke. Prisen var 12,68 kroner kiloen.

– Prisen er veldig grei. Vi skal ikkje klage, seier Honningsvåg.

Kort tur
Fangstverdien vart dermed nesten ti millionar kroner for ein tur som varde i berre tre dagar. Båten gjekk nemleg ut måndag, tok fangsten tysdag og leverte onsdag.

– Ja, det har gått radigt unna, seier Honningsvåg.

Mykje fisk
Fangsten vart tatt rundt 170 mil nordvest for Runde. Honningsvåg seier at det var mykje makrell å sjå.

– Mange fekk gode fangstar. Det vart også pumpa over i andre båtar.

– Vi brukte berre ein time og ti minutt å pumpe fisken om bord.

Valde å ikkje ta meir
Smaragd kan laste totalt 2.000 tonn. Honningsvåg seier at det var bevisst å ikkje fylle opp med meir makrell.

– Det er ikkje så mange anlegg som kan ta så mykje fisk, så vi valde å stoppe på 770 tonn.

ekkolodd - smaragd

Her er makrellflekken Smaragd kasta på. Foto: Smaragd

Atle Honningsvåg kjem sjølv frå Stadlandet, men rakk ikkje ein tur heimom onsdag.

– Det er berre ein halvtime køyretur heim, men her vert det å gå rett på feltet igjen så fort vi er ferdige å losse.

Gode fangstar
Det var ikkje berre Smaragd som hadde gode fangstar forrige veke. Ifølgje Sildelaget vart det totalt meldt inn makrellfangstar for totalt 7.969 tonn tysdag.

Til klokka 13 onsdag, var det meldt inn ytterlegare 2.378 tonn.

Største enkeltfangsten hadde Østerbris frå Austevoll med 900 tonn.

Totalt vart det fiska nesten 52.700 tonn makrell ble forrige veke. Det er berre nokre hundre tonn under kvantumet i samme veke i fjor, som var haustens største veke, ifølge tal frå Norges Sildesalgslag.

– Det har vore rimeleg grei fangsting, men av litt ujamn kvalitet, seier salsmedarbeidar Sigbjørn Hansen i Norges Sildesalgslag til Sysla.

Prisen ligg framleis på mellom 12 og 13 kroner kiloen.

– Det er ikkje til å klage over, seier Hansen.

Dei siste dagane har det ikkje vore innmelding av makrell på grunn av dårleg vær.